Det er dobbelt så mykje som Lagerbäck nokon gong har tapt som landslagssjef.
Lagerbäck var aldri inne på tanken om å legge om til meir defensiv taktikk.
– Vi snakka litt om det i pausen, men eg ville ikkje legge om. Eg trur ikkje på stilendring for ein kamp. Eg trur meir på å prøve å byggje på det vi har gjort hittil, sjølv om det blei eit tungt tap i dag. Det var min beslutning om å halde fram med den same taktikken, sjølv om det gav baklengsmål, sa han.
– Men organiseringa av laget fungerte ikkje i dag. Det er eit spørsmål om å vere meir aggressiv, og å lese spelet betre. I forsvarsspelet gav vi dei tid og rom. Det må vi lære av.
Lagerbäcks rekordtap
Han har i sin landslagskarriere aldri tapt med så mykje som seks mål.
– Nei, eg kan ikkje hugse at eg nokon gong har tapt med meir enn tre mål, sa Lagerbäck på pressekonferansen etterpå.
Han la vekt på at Norge møtte eitt av dei beste laga i verda.
– Kva synest du om «attityden» i laget?
– Dei prøver iallfall å spele. Dei prøver, og dei jobbar. Men vi må gjennomføre ein slik kamp med meir aggressivitet. Vi flyttar oss for sakte, samanlinkna med Tyskland, oppsummerte Lagerbäck.
– Vi har ikkje den krafta som handlar om fysikk, forflytting og raske avgjerder. Då har vi ikkje sjanse mot eit så godt lag, seier landslagssjefen.
Han var ikkje samd i at det berre var Norge som var dårlege. – Vi spela mot eitt av dei beste laga i verda.
– Dette skal vi lære av
– Vi må bli meir aggressive, lese spelet betre. Vi må lære av dette. Dei er verdas beste lang når det kjem til angrep, og om du ikkje har hundre prosent skjerpa i ein kamp som dette, blir det veldig vanskeleg. Dei spelar med alle strengane på gitaren, sa han.
Han vil bruke kampen til å lære av.
– Når vi set oss ned for å analysere kampen, skal spelarane få vite kva som krevst i ein slik kamp, lova Lagerbäck.