– Det vart ein veldig rar kamp med mykje «öppna landskap», nesten som ein fiksjon. Dette hadde eg absolutt ikkje sett føre meg, sa landslagssjef Lars Lagerbäck.
Han seier at det såg ut som total kollaps.
– Når vi leier med 2-0 skal vi vere kompakte. Men vi tok nokre feil avgjerder. Det blei mykje sirkus rock'n'roll i kveld. Men å kome tilbake og få 3-3 er sterkt.
Han meiner begge laga var over-ambisiøse.
– Det er vanskeleg å finne noko anna forklaring på at kampen utvikla seg som han gjorde, seier Lagerbäck.
Hugsar ikkje å ha mista 2-0-leiing før
Han trur ikkje EM-sjansen er borte.
– Men det er to poeng tapt for oss begge, seier han. Lagerbäck kan ikkje hugse sist han mista ei 2-0-leiing med landslaget.
– Uroar det deg at de får så mange sjansar imot?
– Ja, det er definitivt ikkje bra å sleppe til så mykje, seier Lagerbäck. – Vi har eit problem med at fleire spelarar ikkje får serleg mykje speletid i sine klubbar.
– Burde vi hatt VAR i EM-kvalik?
– Det er eg 50-50 til. Det kjem an på kva vi skal bruke VAR til.
Dommarane vedgjekk feilen
Sveriges landslagssjef Janne Andersson hadde blanda kjensler etter 3-3-kampen.
– Når vi snur kampen slik vi gjorde og ikkje får tre poeng likevel, er det enormt surt, sa Andersson.
Han var misnøgd med 1-0-målet, som var klar offisde.
– Det er «tråkigt». Eg snakka med dommarane i pausen, og dei vedgjekk mistaket. Dei hadde ikkje VAR å støtte seg til, og det er tungt, sa Andersson.
Han meiner likevel at han hadde mykje å glede seg over.
– Vi greier å reise oss etter å ha kome under med 2-0, og det er godt. Vi spelar oss til mange sjansar. Eg er stolt og glad, og skuffa over å ikkje ta tre poeng.
Andersson kritiserte på førehand grasteppet på Ullevaal, men var positivt overraska.
– Eg trudde ikkje at bana ville halde, men det gjorde ho faktisk – langt betre enn eg hadde trudd, sa Sveriges landslagssjef.