Hopp til innhold

Lagerbäck har levert Drillo-tal: – Han er verdas beste landslagstrenar

Før kamp nummer 30 som norsk landslagssjef leverer Lars Lagerbäck sine beste tal i karrieren. Assistenten hans meiner ingen i verda er betre på å trene landslag enn svensken.

Herrelandslaget i fotball trener

SUKSESS: Lars Lagerbäck har oppnådd eit imponerande poengsnitt med Noreg så langt.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Han er best i verda på å trene landslag, seier Per Joar Hansen.

– Ingen er betre til å prioritere kva som er viktig på og utanfor banen, spesielt med små nasjonar. Der har han vore utruleg dyktig, meiner landslagsassistenten.

Det er onsdag ettermiddag på Ullevaal stadion. Per Joar Hansen på grasmatta gjer klart for éin av fire økter på landslagsarenaen denne veka.

Den tidlegare Rosenborg-trenaren legg ut kjegler til såkalla firkantspel. Så kjem landslagssjef Lars Lagerbäck med «staur» som også han fordelar utover. Det er ingenting som er jålete med det norske landslaget før Nations League-kampen mot Austerrike fredag kveld. Her må alle bidra.

Per-Joar Hansen

VERDAS BESTE: Landslagsassistent Per-Joar Hansen (midten) meiner Lars Lagerbäck er verdas beste landslagstrenar.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Liten tid med laget

Lars Lagerbäck starta Noreg-jobben med 2–0-tap for Nord-Irland i mars 2017. Etterpå slakta han «attityden» til spelarane. Noreg var for passive og avventande.

Rundt tre og eit halvt år seinare står svensken så langt med eit poengsnitt som er nær Drillo sin stordomsperiode på 1990-talet. Og så langt snittar han betre enn han gjorde med Sverige og Island.

På 29 kampar står han med 15 sigrar, åtte uavgjort og seks tap. Poengsnittet er på 1,83 så langt. I Sverige var snittet 1,60 poeng på 104 kampar. På Island blei poengsnittet 1,41 på 51 kampar.

Til samanlikning hadde Drillo 1,86 poeng (88 kampar) i sin første periode som landslagstrenar og 1,74 poeng (47 kampar) i den andre.

Dersom Noreg slår Austerrike fredag kveld, vil Lagerbäcks snitt vere 1,87, altså hårfint betre enn i Drillos første periode.

Per Joar Hansen tar altså i bruk store ord når han vidare forklarar kvifor han meiner Lagerbäck er verdas beste landslagstrenar.

– Det stor skilnad på å vere klubbtrenar og landslagstrenar. På eit klubblag har du 200 treningar i året og femti kampar. Men på eit landslag har du veldig liten tid med laget.

– Du spelar rundt ti kampar i året, og har kanskje tre-fire treningar der du skal førebu laget. Han har funne ein god måte å jobbe på, med klar og tydeleg gjennomgang av teori på møter. Samstundes klarer han å overføre teoriane til dei få treningane som vi har. Og så repeterer han bodskapen sin over tid, seier Hansen vidare.

Enorm lagmoral

Joshua King

SENTRAL: Joshua King er etter kvart blitt ein sentral spelar på Noreg under Lars Lagerbäck.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Lagerbäck førte Sverige til fem fotballmeisterskap. Han leia Nigeria i VM i Sør-Afrika i 2010. Og stod bak det islandske fotballunderet under EM i 2016.

No har han overført teoriane sine til Noreg.

På grunn av koronapandemien er det første gang landslaget er samla sidan november 2019. Men sjølv om spelarane er under eit strengt smittevernregime, var det smil og latter på pressekonferansane.

Og ikkje minst, mykje skryt og lovord. Joshua King blei nesten ikkje ferdig når han snakka om lagmoralen hos Noreg.

– Moralen har blitt fantastisk. Før var ikkje gutane samansveisa som vi er no. Alle er kompisar og alle trivst saman. Når vi et middag blir spelarane blanda saman. Alle tullar og fleipar med kvarandre, i garderoben, på hotellet og i matsalen, seier Joshua King.

Lars Lagerbaeck, Zlatan Ibrahimovic

STJERNER: Lars Lagerbäck har også jobba med store stjerner i si tid som landslagstrenar. Her med Zlatan Ibrahimovic og Sverige under VM i 2006.

Foto: Joerg Sarbach / AP

Ikkje nøgd

Men trass skryt, han har framleis til gode å sende Noreg til eit meisterskap. Og trass poengstatistikken har laget svakheiter.

– Vi må bli meir effektive i begge boksane. At vi ikkje mistar konsentrasjonen i forsvarsspelet og slepp inn unødvendige mål. Og at vi blir meir effektive framfor mål og på den siste tredelen. Vi må skape fleire målsjansart. Vi må gje betre service til Joshua (King) og hans kompisar angrepet. Dersom vi forbetrar nokre små prosent, kan vi slå kven som helst i verda, seier Lars Lagerbäck.

Den rutinerte landslagstrenaren meiner nettopp svakt forsvarsspel kosta Noreg EM-plassen i den ordinære kvaliken, der Noreg blei nummer tre bak Spania og Sverige.

– Eg er nøgd med poengsnittet og korleis utviklinga var i 2018 og 2019. Men hadde vi slått Romania (2–2) og Sverige (3–3) som vi burde ha gjort, hadde vi vore i EM-sluttspelet. Vi har pumpa spelarane fulle med at vi ikkje må misse konsentrasjonen og sleppe til motstandaren for lett, svarar han.

Innført disiplin

Fotballandslaget menn oppkjøring privatkamp mot Albania. Trening på The Selman Stërmasi Stadium.

ARVEN ETTET OLSEN: Lars Lagerbäcks resultat med Noreg har tatt landslaget tilbake på Drillo-nivå. Her under ei trening før bortemøtet mot Albania i 2018.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Då Lars Lagerbäck tok over Noreg etter å ha ført Island til EM-sluttspelet i 2016 ville han ha islandsk «attityd» inn i laget.

Han vil ha spelarar som jobbar, kjempar, spring og taklar. Som jobbar bakover og framover. Spelarar som er ærgjerrige nok til å ikkje sleppe motstandaren forbi seg defensivt. Joshua King meiner Lagerbäck har prenta nettopp «attityd» inn i laget.

–Han har innført disiplin på banen. Vi skal ikkje tape «ein mot ein». Ikkje «selg deg» i duellane. Vi skal flytte oss på bana som ei eining, og ikkje ha for lang avstand mellom lagdelane. Han har løfta dette laget både taktisk og moralen innad.

– Eg trur gutane blei fornøgd då han valde å signere for to nye år. Det var fantastisk, seier King.

Tilbake til Drillo

Morten Skjønsberg, NRKs fotballekspert

NRK-EKSPERT: Morten Morisbak Skjønsberg

Foto: NRK

Sola skein over Ullevaal stadion denne veka. Himmelen var blå og siste rest av sommar klamra seg fast i Oslo. NRKs fotballekspert Morten Morisbak Skjønsberg meiner Lagerbäck har ført Noreg tilbake til Drillo-perioden.

– Under Per-Mathias Høgmo (2013–2016) skulle Noreg bli eit meir spelande lag. Det skulle bli underhaldande og gøy å sjå på Noreg.

– Lagerbäck har tatt Noreg tilbake til Drillos måte å tenkje fotball. Lagerbäcks motto er at det enkle er det geniale. Han har stramma opp den defensive organiseringa, og at kvar spelar skal vinne sin kamp i kampen. Kvar duell skal vinnast uansett kor på bana, seier Morisbak Skjønsberg.

Lars Lagerbäck er inne i sitt 22 år som trenar for eit landslag. Han byrja som assistent for Sverige i 1998. Nyleg skreiv han kontrakt med Noreg fram til 2022.

– Sjølv om han er 72 år er han alltid nysgjerrig på å fornye seg. Han held på 85 prosent av det han trur på, og så leitar han alltid etter ting han kan gjere annleis og forbetre seg på, seier Per Joar Hansen.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal