– Eg må innsjå at eg ikkje blir noko yngre, og ein har ikkje så mykje tid til eit sosialt liv. Eg skal fokusera meir på familie og venner, seier den 67 år gamle svensken ifølgje TT.
Lagerbäck var svensk landslagssjef frå 2000 til 2009, og leia laget til VM i 2002 og EM både i 2004 og 2008.
Deretter blei han landslagssjef for Nigeria, før han overtok Island i 2012. I fjor førte han Island til landets første meisterskap nokosinne.
– Det var ei vanskeleg avgjerd. Eg har hatt fire fantastiske år, seier Lagerbäck til Dagens Nyheter.
Då han overtok, låg Island som nummer 108 på FIFA-rankina. No er laget nummer 35, og slo mellom andre Nederland og Tsjekkia i EM-kvalifiseringa.
Svensken tok måndag ut ein tropp på 23 spelarar til sluttspelet i Frankrike. Der fann han mellom anna plass til Moldes Eidur Gudjohnsen, Hannes Halldorsson frå Glimt og Ingvar Jonsson frå Sandefjord.
Island er i same EM-pulje som Portugal, Ungarn og Austerrike.
EM i Frankrike blir spelt frå 10. juni til 10. juli.