Ikkje fleire enn 90 000 TV-sjåarar har fått med seg Brann sine tre første eliteseriekampar, som har vore å sjå på betalkanalen C More.
Serieopninga mellom Brann og Vålerenga hadde 30 000 sjåarar. Til samanlikning såg 700 000 det tilsvarande oppgjeret på TV 2 i 2009.
– Ikkje spesielt hyggjeleg
Bergens Tidende skriv i dag at fleire av sponsorane til bergensklubben er uroa for dei låge sjåartala. Sparebanken Vest, som er inne som hovudsponsor i tre av eliteserieklubbane, er uroa over sjåarsvikten.
– Dette er ikkje spesielt hyggjeleg, seier viseadministrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth til avisa.
Vestlandsbanken er òg hovudsponsor for Sogndal og Haugesund, i tillegg til dei raude frå Bergen.
– Me følgjer desse sjåartala nøye. Om eg i tillegg hadde representert ein nasjonal aktør hadde eg vore enno meir uroa, seier Kjerpeseth, som først og fremst ønskjer å nå lokale kundar med engasjementet gjennom fotballklubbane.
Også fleire andre sponsorar er uroa over at ikkje fleire ser kampane på betalkanalen.
– Lever ikkje av sjåartal
– Me lever ikkje av sjåartal, me lever av abonnentar. Strengt tatt er ikkje dette vårt problem, seier Steinar Brændeland, som er landsjef for C More.
Han seier til avisa at utviklinga, når det gjeld talet på abonnentar, har vore god.
– Det er fotballen sin eigen organisasjon som har seld oss rettane. Eg håpar dei har gjort seg opp ei meining om denne problemstillinga, seier Brændeland.
– For tidleg å klaga
Dagleg leiar i Sportsklubben Brann, Roald Bruun-Hanssen, meiner det er for tidleg å klaga over dei låge sjåartala.
– Så langt har våre kampar vore C More sitt førsteval, og me er utelukkande vorte vist på betal-TV. Tidlegare gjekk hovudkampen alltid på fri TV. Det er tidleg å konkludera med noko etter tre rundar, seier Bruun-Hanssen til BT.
Brann-sjefen ser fram til høgare sjåartal når klubben vert vist på TV 2. TV-kanalen med hovudkontor på Nøstet i Bergen sender to kampar kvar veke.