Laengen trekkjer seg i korona-frykt
Vegard Stake Laengen har trekt seg frå Slovenia rundt for å vere på den sikre sida etter at lags- og romkamerat Mikkel Bjerg testa positivt for koronavirus.
Det opplyser UAE i ei pressemelding. Laget har fått positive testar på Bjerg i Slovenia rundt og Marc Hirschi i Sveits rundt. Hirschis romkamerat Joel Suter er også teken ut av konkurranse.
– Dessverre, som mange andre lag, har vi også hatt ein auke i koronasaker. Våre ramma ryttarar har vorte grundig vurderte og har for tida milde symptom, seier medisinsk ansvarleg Adrian Rotunno i UAE-laget.
Jumbo-Visma har allereie trekt laget sitt frå Sveits rundt etter fleire positive testar. Også Ineos-kaptein Adam Yates har testa positivt for korona.
Det er berre to veker til Tour de France startar.