Hopp til innhold

Lægreid irritert av svensk profil: – Trudde han var ein bra kar

Sturla Holm Lægreid var tydeleg frustrert på svenske Martin Ponsiluoma under VM-fellesstarten og skjønar ikkje det taktiske spelet til svensken.

– Han skulle i alle fall ikkje hjelpe Noreg, så då måtte eg berre bite tennene saman og gå føre i front. Det vart som det vart, fortel ein skuffa Lægreid til NRK.

På TV-bileta øvst i saka ser ein tydeleg ein konfrontasjon mellom Lægreid og Ponsiluoma.

– Trudde han var ein bra kar

Lægreid stoppa opp og ville at svensken skulle ta ei føring, men svensken nekta og Lægreid slo oppgitt ut med armane.

– Sa han at han ikkje skulle hjelpe ein nordmann?

– Ja, han sa det. «Eg skal ikkje hjelpe ein nordmann eg». Det var taktikken frå svenskane i dag, fortel Lægreid framleis smått oppgitt.

VM i skiskyting 2023: 15 km fellesstart for menn

OPPGITT: Sturla Holm Lægreid.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Eg vart vel litt frustrert. Kanskje eg hadde med meg det på skytinga, seier Lægreid

Han skaut éin bom på neste skyting etter situasjonen.

– Eg er litt overraska, eg trudde han var ein bra kar, men «Ponsi» viste seg frå ei anna side i dag, seier Lægreid ifølgje Expressen.

Tarjei Bø er ikkje overraska over det taktiske spelet til svensk.

– Ja, dei må jo ta grepa sine for å slå oss, og vi gjer jo alle det vi kan for å halde på essa våre så lenge vi kan. Svenskane løyste det veldig bra. Det er eit veldig taktisk sterkt lag, seier Bø til NRK.

Hanna Öberg måtte holde hendene for øret da VM-arrangøren fyrte opp høylytte heksehylere på stadion for å avslutte mesterskapet.

Hanna Öberg måtte halde hendene for øyret då VM-arrangøren fyrte opp høglydte heksehylere på stadion for å avslutte meisterskapen.

– Veit ikkje kva han tenkte på

Ponsiluoma hevdar det ikkje låg ein taktikk bak valet.

– Nei, det hadde vi ikkje. Men eg tenkte eg skulle gå så roleg som mogleg og spare energi til slutt, så det hadde ikkje spelt noka rolle kven som leidde ut, eg hadde ikkje hjelpt til, seier den svenske sølvvinnaren.

– Kva sa du til Sturla?

– Eg sa at han får dra, eg ligg bak og sparer meg. Han er regjerande meister og norsk, og då får han ta ansvaret.

Martin Ponsiluoma og Sebastian Samuelsson etter VM-fellesstarten

DOBBEL: Det vart svensk dobbelsiger på VM-fellesstarten med gull til Sebastian Samuelsson og sølv til Martin Ponsiluoma.

Foto: CHRISTOF STACHE / AFP

Då situasjonen oppstod gjekk Lægreid og Ponsiluoma i tet saman med franske Fabien Claude, og nordmannen ønska at dei samarbeidde for å halde mellom anna Johannes Thingnes Bø og Sebastian Samuelsson bak seg.

Då svensken nekta å bidra, klarte trioen heller ikkje å halde unna for konkurrentane bakfrå og mista forspranget inn på den andre liggjande skytinga.

– Eg veit ikkje kva han tenkte på. Hadde han kanskje hjelpt meg litt så hadde han kanskje hatt det vesle forspranget han trengde på Sebbe, men eg trur Sverige er fornøgde i dag. Eg trur Ponsi også er fornøgd med sølv, sjølv om han er bak Sebbe, seier Lægreid.

Han er sikker på at det norske laget hadde tenkt annleis og hjelpt til med å halde oppe luka.

– Vi har jo ei bra lagånd, så viss eg hadde gått der med Johannes til dømes, hadde han hjelpt meg og drege meg på runden, men Ponsiluoma tenkte heilt annleis. Det er nokre utøvarar som tenkjer at vi må hjelpe kvarandre når vi leier og så er det andre som tenkjer dei skal gjere minst mogleg, seier Lægreid.

Les også: Thingnes Bø ble parkert av svenskene: – Kanskje det mest irriterende som finnes

Johannes Thingnes Bø, Sebastian Samuelsson
Johannes Thingnes Bø, Sebastian Samuelsson

– Kanskje vi burde gått meir lagtaktisk

Likevel innrømmer han at den taktikken viste seg å vere best for svenskane som tok både gull og sølv med Sebastian Samuelsson og nemnde Ponsiluoma.

– Dei hadde vel lagt ein god taktikk før dagen i dag. Vi andre var kanskje meir individualistar. Kanskje vi burde gått meir lagtaktisk, seier Lægreid.

– Tek de sjølvkritikk på det?

– Nei, altså vi har jo tjue prosent av startfeltet i dag, så skulle vi gått lagtaktisk hadde vi vel dominert på alle rundane, svarer Lægreid med eit lurt smil.

VM i skiskyting 2023: 10 km sprint for menn

TVILER: Tarjei Bø meiner Sverige ikkje vann på grunn av taktikken.

Foto: Javad Parsa / NTB

Heller ikkje Bø trur det var taktikken som vippa sigeren i svensk favør.

– Nei, det trur eg ikkje. Han skyt 20 treff han som vinn. Viss du ikkje klarer det når du skyt 20 i dei forholda her, då trur eg du verken er norsk eller svensk, for då hadde du ikkje komme med på laget, smiler Bø.

Vetle Sjåstad Christiansen meiner svenskane har ein stor fordel på dei norske skiskyttarstjernene.

– Eg skal ikkje ta frå dei noko ære, men dei har litt meir tolmod enn oss til å kunne toppe forma. Hadde eg hatt sesongen til Sebastian hadde eg neppe vore på verdscuplaget eller her i VM. Dei er litt heldige som har eit omtrent spikra fast verdscuplag, som går uavhengig kor bra det går. Og ja, då kan dei få litt meir tid inn mot eit VM og ikkje kjenne så stort press på kvar verdscuprunde som kanskje vi har, avsluttar Sjåstad Christiansen.

Les også: Mistet bestemoren midt i VM: – Jeg måtte grine noen timer

B5kLpxESaYM
B5kLpxESaYM

Sportsnyheter

Jakob Ingebrigtsen

Ingebrigtsen smadret bestenotering: – Nå har jeg tatt én. Så er det å ta de ni andre

Med et superløp knuste Jakob Ingebrigtsen den tidligere bestenoteringen i verden på to engelske mil. Nå har han øynene klart rettet mot en rekke verdensrekorder.

Siste nytt

  • PSG-sjefen avviser rolle i Manchester United-oppkjøp

    Paris Saint-Germains president Nasser Al-Khelaifi sier han ikke har noe å gjøre med et potensielt Qatar-basert oppkjøp av Manchester United.

    PSG-sjefen møtte journalister lørdag i forbindelse med mesterliga-finalen i Istanbul. Der tok han avstand fra landsmannen Sjeik Jassim bin Hamad Al Thanis forsøk på å overta kontrollen over United.

    – Paris Saint-Germain er klubben min og hjertet mitt, og jeg har ingenting å gjøre med Manchester United, sa Al-Khelaifi.

    Fredag kom det rapporter om at PSG-toppen, som også er styreleder i Den europeiske klubbforeningen ECA, hadde spilt en «betydelig» rolle i samtalene mellom Sjeik Jassim og United-eierne i den amerikanske Glazer-familien.

    Al-Khelaifi sier potensielle investorer ofte søker råd hos ham, og PSG-sjefen røper videre at han under Formel 1-løpet i Miami ble kontaktet av en investor som vurderte å by på to navngitte engelske klubber:

    – Jeg jobber ikke for noen. Jeg vil det beste for fotballen. Da denne personen spurte meg, fortalte jeg ham min mening. Så hvis de spør meg om min mening, vil jeg svare dem.

    (NTB)

    Nasser bin Ghanim Al-Khelaifi
    Foto: AP
  • Sykkelfest fikk klarsignal i tolvte time

    Sykkelrittet Trondheim-Oslo går som planlagt lørdag 17. juni etter uker med usikkerhet.

    Rittet, som har tilnavnet Styrkeprøven, opplyser selv at det endelige og avgjørende klarsignalet fra Statens vegvesen kom fredag. Dermed er de nødvendige tillatelsene på plass til å arrangere ritt fra startstedene Trondheim, Lillehammer, Hamar og Eidsvoll om få dager. Målområdet er flyttet fra Vallhall Arena til Hellerudsletta i Oslo.

    Usikkerheten som har rådet de siste ukene har handlet om veimyndighetene ville gi tillatelse til å gjennomføre det tradisjonsrike turrittet. For en tid tilbake avslo Statens vegvesen arrangørenes søknad. I begrunnelsen lå blant annet skepsis til å skulle senke fartsgrensene i traseen mens rittet pågikk.

    Arrangørene tok saken videre til Vegdirektoratet, som kom til motsatt konklusjon av Statens vegvesen. Dermed ble det innledet nye samtaler om gjennomføringen av årets ritt.

    Fredag kom den endelige beslutningen om at 2023-utgaven av arrangementet kan gå som oppsatt.

    (NTB)

    Sykkel: Tour of Scandinavia
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • U21-landslagsspiller forlenget med Kristiansund

    U21-landslagsspiller Max Normann Williamsen (19) har skrevet under på en ny kontrakt med Kristiansund som varer ut 2025-sesongen. Det opplyser klubben på sin nettside.

    – Det betyr veldig mye for folk at det er noen lokale på laget, det tror jeg folk synes er artig. Det er et mål å komme tilbake til Eliteserien, og jeg har lyst til å bidra til at vi kommer dit. Det er en god utfordring, og jeg gleder meg til å bli med videre, sier 19-åringen.

    Max Normann Williamsen
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste