- Det er aldri godt å vite kva Giske vil. Men han er heilt klart ikkje nokon ven av Oslo, seier Lae til NRK.
- Men det finst andre i regjeringa, legg han til.
I morgon blir det avgjort i bystyret om Holmenkollen får dei nødvendige midlane til ombygginga.
Foto Cornelius poppe Scanpix
Regjeringa har lova 70 millioner til utbygging av Holmenkollen. Lae og byrådet vil ha 155 mill, som er halvparten av det utbygginga vil koste. Men til NRK sa Giske i går at regjeringa ikke vil løyve ei krone meir.
Lae meiner det bør finnast midlar til større løyvingar, om ikkje før, så til hausten når nytt stasbudsjett skal leggast fram.
Om byråden ikkje finn pengar på kulturministeren sitt kontor, tar han med seg ordføraren og går inn på stasministeren sitt. Fot Lae vil ha VM i 2011.
- Vi må då kunne ha råd til å arrangere eit ski-VM, seier han.