La Liga klagar på Haaland-overgangen
Spansk toppfotball greidde verken å hente Erling Braut Haaland eller Kylian Mbappé. Ligasjefen reagerer med å ville ha Manchester City og PSG etterforska.
La Liga-president Javier Tevas stadfesta måndag at den spanske elitedivisjonen formelt har klaga på Haalands overgang til Manchester City. Det same vil snart skje overfor Paris Saint-Germain.
Den franske klubben greidde å overtale Mbappé til å forlenge kontrakten til 2025. Før det verka han å vere på veg til Real Madrid.
– I Mbappé-saka står eg ikkje opp for Real Madrid, men for europeisk fotball. Denne veka vil vi klage inn PSG, slik vi gjorde med City i førre veke, sa Tebas på eit pressemøte i Valladolid.
Han har i ei årrekke vore i ordkrig med statsstøtta klubbar. City og PSG har begge styrtrike eigarar frå Midtøsten.
Same dag som Mbappé skreiv under ein ny PSG-avtale, varsla Tebas at La Liga kom til å klage det inn til Uefa, franske rettsinstansar og EU. Han kan ikkje rekne med å få hjelp frå Uefa-president Aleksander Ceferin. Nyleg uttalte han seg slik om La Ligas kritikk:
– Eg er i det heile ikkje samd i det. Det er allereie for mange fornærmingar i fotballen, og eg meiner kvar liga heller skal bry seg om sin egen situasjon. Det er ikkje riktig av ei liga å kritisere andre ligaer.
Haaland blei måndag offisielt presentert som Manchester City-spelar. Han blei kjøpt ut av Borussia Dortmund-kontrakten til et bestemt beløp i tråd med ei klausul.