– Å sjå opp på tribunen der familien min stod, og min far og bror hadde tårer i auga, det var eit spesielt augneblink, seier den 18 år gamle gullvinnaren til Adelaide Now, etter at han hadde slått heile verdseliten med ein superspurt.
For ved vending 50 meter låg han på nest siste plass, og hadde rundt halvsekundet opp til medalje. Då han slo handa i bassengkanten 50 meter seinare var han olympisk meister. Faktisk den yngste sidan 1980.
Inga sjølvfølge
Og både i forsøket, semifinalen og i finalen sette han nye verdsrekordar for junior. Finaletida var 47,58 og han vart den først frå Australia til å ta OL-gull på distansen sidan Mike Wenden i 1968.
Trass i dette jubla han ikkje hemningslaust då gullet var eit faktum, i respekt for lagkameraten Cameron McEvoy. McEvoy var det store håpet til Australia, men vart berre nummer sju.
– Eg ville ikkje feira for mykje, fordi eg veit det hadde vore tungt for han å sjå. Men eg får ta det att seinare i veka, sa han til ABC.
Det var inga sjølvfølgje at han i det heile tatt skulle vera i bassenget.
200 slag i minuttet
Heile idrettskarrieren kunne nemleg vore over nesten før den starta. Chalmers slit med ujamn hjarterytme.
– Medan eg er på trening så kan hjartet plutseleg slå 200 slag i minuttet og det kan vara i ein halvtime. Eg kjenner det godt og vert svimmel, seier han.
I fjor vart han operert for problemet, men det fungerte ikkje. Skal han fortsette idrettskarrieren må han gjennom ein operasjon til.
Det var dessutan eigentleg ein heilt annan idrett han hadde tenkt å satse på. 18-åringen vaks opp i ein familie der det er australsk fotball (AFL) har vore det store. Far hans har fleire hundre kampar på øvste nivå, og det var det Kyle Chalmers ville gjere med idretten også.
– Eg ville bli fotballspelar og følgje i pappas fotspor, sa han i eit intervju med Adelaide Now tidlegare i år.
Men prestasjonen hans i natt har imponert ei heil idrettsverd, blant anna den femdoble olympiske meisteren frå Australia, Ian Thorpe.