– Dersom du er god nok, er du i øvste liga. I motsett fall går du ned, seier FIS' renndirektør Marcus Waldner til NRK.
Han legg ikkje skjul på at han har innvendingar mot Kvitfjell som arrangør av verdscuprenn.
– Vi snakkar om Kitzbühel og Wengen og Val Gardena, som er i same liga.
– Vi sa etter renna i Kvitfjell sist vinter at kvaliteten må bli betre. Først på den tekniske sida, men også når det gjeld innlosjering.
Positiv til Narvik
Det er kritikk som kan vere dårleg nytt for Kvitfjell, som saman med Hafjell konkurrerer med Narvik om å bli norsk søkjarby for alpin-VM i 2027. Også den geografiske plasseringa til Kvitfjell/Hafjell er eit minus for FIS.
Og han kjem med eit varselskot til Kvitfjell:
– Det er mykje tradisjon i løypene der, men det ligg litt avsides og langt unna Lillehammer. I Narvik er vi like ved byen, og dei investerer stort der. Anlegget og byen er fantastisk plassert ved kysten, nær havet, med eit fantastisk panorama. Det er eit spennande prosjekt, seier Waldner, som kjenner godt til Narvik etter fleire besøk på europacuprenn og nasjonale renn.
I november skal Norges Skiforbund avgjere kven som blir norsk søkjarby til meisterskapen om ni år. Nyleg avslørte NRK at arbeidsgruppa som jobbar med søknadene, vil rå skistyret til å velje Narvik.
I tillegg kjenner NRK til at FIS har kravd at rennsjef på Kvitfjell, Svein Mundal, må bort.
– Vi ønskjer ei endring, fordi standarden held ikkje til verdscup, seier Waldner.
– Naturleg å gå av no
Mundal skal gå av, men avviser sjølv at det er etter press.
– Det er berre snakk om å få ein fornuftig prosess vidare. Vi må få inn fleire ressursar, for eit slikt arrangement er så krevjande.
– Er det siste års kritikk som feller deg?
– Nei, eg har halde på i 25 år og er 67, så det er eit heilt naturleg tidspunkt å gi seg. Det er ingen dramatikk, det er heilt naturleg, seier Mundal.
Om trusselen om å bli degradert til nest øvste divisjon, seier Mundal.
– Vi står på verdscupkalenderen heilt fram til 2022, og skal saman jobbe for å nå dei nivåa som er viktig for alle.