«Kanskje Friidrettsforbundet skal gå litt i seg sjølv når dei neste gong lurer på kvifor kvinner sluttar å satse tidlegare enn menn? Svaret må vere noko i nærleiken av at dei ikkje tør å ta sjansen. Vi blir jo ikkje satsa på i det heile,» skriv Ine Bakken i eit innlegg på Instagram tysdag.
STERK SESONG: Ine Bakken har forbetra seg kraftig i 2022 og tok NM-gull på 10.000 meter.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBDen regjerande noregsmeisteren på 10.000 meter, og fleire andre norske langdistansekvinner, reagerer kraftig på uttaket til EM i terrengløp i Torino søndag 11. desember, som vart kjend tysdag. Tittelforsvarar Karoline Bjerkeli Grøvdal blir nemleg einaste norske deltakar i seniorklassen for kvinner.
Samtidig er det teke ut fullt lag, seks utøvarar og dessutan ein reserve til seniorklassen for menn.
– Motivasjonsdrepande og frykteleg irriterande med tanke på kor mange gode prestasjonar det har vore av norske kvinner i år. Det er skuffande når forbundet gir uttrykk for at dei skal satse, og så tek dei ikkje ut fleire, seier Mathilde Theisen til NRK.
Forklaring: Pengemangel
Både Theisen og Bakken sprang terreng-EM i fjor. Theisen erkjenner at ho ikkje var kvalifisert i år, men synest det er merkeleg at ikkje Bakken og fleire andre får sjansen.
SENDER FLEIRE MENN: Sportssjef Erlend Slokvik har teke ut 12 menn og sju kvinner til EM i terrengløp.
Foto: Gorm Kallestad / NTB– Eg får gåsehud når eg tenkjer på opplevinga frå Dublin i fjor. Det var så viktig. Det gir innblikk i ei verd eg har lyst til å bruke meir tid i, motivasjon på eit nivå ein ikkje kan tenkje seg. Og for andre var det motiverande å sjå at eg fekk sjansen. Det gir ringverknader, påpeikar Theisen.
Så kvifor får ikkje fleire kvinner delta? Slik forklarer sportssjefen i friidrettsforbundet, Erlend Slokvik, uttaket:
– Det er ingen løyndom at vi går med eit økonomisk underskot i år. Vi må vurdere korleis vi best bruker pengane våre. I fjor var Ine Bakken nest beste kvinne i terreng-EM på ein 50.-plass, då synest vi det er betre å bruke pengane på å gjere fleire løparar betre.
Usamde om vurderinga
Sportssjefen påpeikar at det dessutan er like mange kvinner i troppen samla sett som det var for eit år sidan.
SATSAR UNGT: Ingeborg Østgård tok sølv i U20-klassen i terreng-EM i fjor og er blant favorittane også i år.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRK– I fjor stilte vi med fire U20-løparar og tre seniorar. I år stiller vi med fire U20-løparar, to U23-løparar og ein senior. Vi ønskjer å bidra til at dei unge løparane utviklar seg, seier Slokvik.
– Men samtidig sender de 12 menn?
– Ja, på herresida er det fleire som oppfyller uttakskriteria, seier sportssjefen.
I lagkonkurransen i EM er det tre løparar som tel. Utan at det er spesifikt formulert i uttakskriteria frå Norges Friidrettsforbund, seier Slokvik at Noreg berre melder på lag som i utgangspunktet kan kjempe i toppen. Uttak på individuelt grunnlag «blir gjort under føresetnad av at dei blir vurderte til å kunne hevde seg blant dei 30 beste,» heiter det i kriteria.
– Det har vore ein motivasjon for meg i heile år, og eg meiner eg har teke steg som gjer at topp 30 ville vore realistisk for meg no, seier Ine Bakken til NRK.
– Det må ho få lov til å meine, men vi har gjort ei anna sportsleg vurdering, seier Slokvik.
Kristiansen: – Ikkje så kritikkverdig
Løparlegenda Ingrid Kristiansen er sjølv trenar for fleire utøvarar som kunne vore aktuelle for meisterskapen. Ho forstår vurderingane til friidrettsforbundet.
– Eg er rask til å kritisere forbundet, men eg synest ikkje dette uttaket er så kritikkverdig. Det er ikkje noko poeng å fylle eit lag for å fylle eit lag i meisterskap. Då er eg meir kritisk til om det blir gjort nok for at fleire kvinner skal springe raskare, seier Kristiansen.
Ine Bakken understrekar at ho ikkje berre snakkar på vegner av seg sjølv. Ho meiner friidrettsforbundet burde demonstrert at dei satsar seriøst på kvinnene ved å ta ut fleire.
– Kunne dei ikkje teke ut fire menn og tre kvinner? Dette er tendensen kvart år, og samtidig stiller dei spørsmåla med kvifor jenter sluttar å satse etter juniorlandslaget, seier ho oppgitt.
– Mange ord og lite handling
Bakken og Theisen har heller ikkje sett mykje til den alternative pengebruken for å løfte fram kvinnelege langdistanseløparar. Dei har det siste året vore del av ei løpargruppe leia av Bjørn Steinar Nedrebø og nettopp Ingrid Kristiansen, på klubbnivå.
– Det har vore mange ord og lite handling frå forbundets side, seier Mathilde Theisen.
No har likevel forbundet akkurat starta eit prosjekt for å løfte fram mellom- og langdistanseløparar på kvinnesida.
– Det hadde vore veldig gledeleg viss dei greier å få på plass ei eiga satsing, seier Mathilde Theisen.