Årsaka var at ho gjekk i shorts, skriv organisasjonen My Stealthy Freedom, som arbeider mot kjønnsdiskriminerande lover i Iran.
– Det ville ikkje TV-selskapet vise, skriv organisasjonen.
Kampen blei vist på landsdekkande TV i Iran. Men kvar gong Massey-Ellis kom i biletet, klipte TV inn oversiktsbilete frå London, ifølge organisasjonen.
– Hån mot spelet
Ved avslutninga av sendinga sa kommentatoren at han «håpa alle hadde nytt det geografiske showet».
– Det er ein hån mot spelet, skriv My Stealthy Freedom.
Iranske lover krev at kvinner dekkjer til hår og kne i offentlege rom. Også på fotballkampar.
I 2019 fekk iranske kvinner for første gong på fleire tiår vere på tribunane under fotballkampar. Men dei måtte vere godkjent kledd.
Vanlegvis er scener som viser kvinner som blir rekna som usømmeleg kledd, sensurerte bort. Men dette var umogeleg i ein direktesend kamp, derfor gjorde dei dette grepet, ifølge My Stealthy Freedom.
KLESKODE: I 2019 fekk kvinner lov å vere på tribunane under ein VM-kvalifiseringskamp for menn mellom Iran og Kambodsja. Men med krav om at dei var kledde på ein godkjend måte.
Foto: Atta Kenare / AFPDet er ikkje første gongen iransk TV har gripe inn og klipt vekk kvinner i fotballkampar. I 2019 blei ein kamp i Tyskland teken av programmet fordi ei kvinne skulle dømme. Tidlegare blei ei overføring av trekninga for 2018-VM redigert på grunn av kleda til den kvinnelege programleiaren.
– Å sensurere ligg i Irans DNA, seier My Stealthy Freedom, som blei starta av den politiske journalisten Masih Alinejad etter eit Facebook-innlegg i 2014.
Førsteamanuensis Sharam Alghasi ved Høgskolen i Kristiania kjenner ikkje til akkurat denne episoden, men er ikkje overraska.
– Det finst ei eiga sensuravdeling som skal passe på at kvinner på TV og film skal vere kledde innanfor det som passar med den offisielle moralen, seier han til NRK.
Merkbar innstramming den siste tida
Det inneber for eksempel at direktesendingar frå utlandet har ei innlagd forseinking på 15 sekund, som er tid nok til at regien får klipt vekk uønskte bilete.
– Radikaliseringa i Iran har blitt meir merkbar i det siste, det vil seie at kravet til «rette» påklednad for kvinner blir handheva strengare, seier Alghasi.
Han nemner det internasjonale fokuset på atomavtalen med Iran som ein faktor bak denne utviklinga. Det er store motstridande meiningar i landet omkring denne avtalen.
– Uansett årsak, har dette nok blitt stramma inn i det siste.
– Iranarane er eit opplyst folk, og dei fleste ønskjer nok eit langt opnare forhold til den vestlege kulturen, meiner Alghasi.
Iran har også eit kvinnelandslag som har spela kvalifiseringskampar både til OL og til Asia-meisterskapen. Dei må spele i hijab, men har naturleg nok møtt spelarar frå andre land, i meir vanlege fotballdrakter.
– Eg kan ikkje tenkje meg at slike kampar har blitt vist direkte på iransk TV, seier Alghas. Han trekkjer også fram saka frå i fjor om sjakkspelaren som ikkje våga å reise heim til Iran. Årsaka var at dei blei offentleggjort eit bilete av henne utan hijab under ei turnering i Russland.
Derfor er ikkje han det minste overraska over sensuren i kampen mellom Tottenham og Manchester United.
– Det som skjedde med TV-redigeringa der, passar godt inn i profilen til det iranske regimet, seier han.