Hopp til innhold

Kvifor har ingen i Noreg slått Arne (76)?

Der «alle» idrettsrekordar blir utfordra og forbetra, har ingen nordmann vore i nærleiken av resultatet til Arne Tvervaag på over 50 år.

Arne Tvervaag med bilen som er skilta etter rekorden

REKORD: Arne Tvervaag køyrer rundt med dette skiltet på bilen, for å markere noregsrekorden han sette for meir enn 50 år sidan

Foto: Håvard C. Hagen / NRK

11. november 1968: Tvervaag får full klaff og landar på 3,71 meter i lengde utan tilløp på Noresund. Det er seks centimeter betre enn stille lengde-legenda Johan Christian Evandts gjeldande verdsrekord.

Tvervaags resultat er framleis norsk rekord. I nesten 47 år var det også det lengste godkjende hoppet i verda, heilt til Byron Jones slo det i 2015.

Jones greidde 3,73 i ein test som NFL-klubben Dallas Cowboys let spelarane sine gjennomføre. Det var eit testresultat som vekte oppsikt.

Test deg sjølv – og send til oss

Kor langt greier du å hoppe utan tilløp? Vi vil sjå kor langt Noreg hopper – i alle aldere og kjønn. Kor langt hopper du, og kven vil du utfordre?

NRK inviterer deg til å teste deg sjølv og utfordre andre.

Slik gjer du det:

  • Korleis gjekk forsøket? Bruk #nrknorgehopper eller last opp video av hoppet her.

Annullert etter to år

Om Tvervaags 3,71 verkeleg var verdsrekord, er ikkje heilt sikkert. Det blir ikkje notert offisielle verdsrekordar i denne øvinga. Det var Guinness' rekordbok som i si tid utropte Arne Tvervaags hopp til det lengste i verda.

Arne Tvervaag og Øivind Johnsen

PÅ TV: Her blir Arne Tvervaag intervjua av NRKs Øivind Johnsen eit par dagar etter rekordhoppet

Foto: NRK

Ein månad etter sitt offisielle rekordhopp, også det på Noresund, hoppa Tvervaag utrulege 3,78 meter. Den rekorden blei også først godkjend. Men to år etterpå blei rekorden annullert.

– Det var visst ikkje nok dommarar til stades, seier han.

På topp 10-lista i Noreg er det berre to resultat frå vårt tusenår. Kenneth Halhjem hoppa 3,62 meter i 2001, og Thomas Wiborg 3,53 i 2014.

Halvparten av resultata på lista er frå 60-talet. Og Otto Bergs 3,47 frå 1935 held framleis niandeplassen.

Korleis kan ein friidrettsrekord stå så lenge utan å vere utfordra?

– Det meiner eg har ei heilt klar årsak. På den tid var stille lengde ei øving som det blei satsa på. Det er det ikkje lenger. Dei som deltek i dag, er utøvarar i «vanleg» friidrett som gjer det nærmast som trening, seier Rune Wiborg.

Han er far og trenar til Thomas Wiborg, som er den nordmannen som har hoppa lengst i det siste tiåret.

– Ei biøving

Thomas Wiborgs 3,53 i NM i 2014 gir femteplass på noregsstatistikken til alle tider. Wiborg har seks NM-gull i øvinga mellom 2009 og 2018. Han har også den norske rekorden i tresteg utan tilløp med 10,40 meter.

– For dei fleste som driv med friidrett, er dette ei biøving. Du finn spydkastarar, kulestøytarar og hekkeløparar her – eigentleg meiner dei aller fleste som driv med friidrett at er det moro å delta, sa Wiborg til NRK etter NM-gullet sitt i 2012. Sjølv dreiv han primært med sprint.

– Det er ei kul øving. Det er også her det er flest deltakarar med, så konkurransen er størst, la han til.

– 3,71 er ekstremt. Det er ei utenkeleg lengde for min del, seier kulestøytar Ola Stunes Isene. Han blei noregsmeister med 3,24 meter i 2017.

Det var ingen vanlig, teknisk øvelse som trakk flest deltagere under NM i friidrett i helga. Norge er det eneste landet i verden som har med den stille lengde i mesterskap. Likevel er den veldig populær.

POPULÆR NM-ØVING: Thomas Wiborg tek NM-gull i Steinkjer i 2012

Tvervaag har den same forklaringa.

– Det er ikkje er nokon som satsar spesifikt på det lenger. Øvinga er ute av alle store konkurransar, seier Tvervaag, som køyrer rundt i ein bil med ARNE371 på nummerskiltet.

– Det er mange som spør kva det betyr, ler Tvervaag.

Han peikar på at innandørshallane har endra friidretten enormt sidan hans aktive tid.

– I mi tid var det lengde og høgde utan tilløp som var vinteridrett for oss, seier Tvervaag.

Sjølv meiner han at han hadde ein heilt spesiell teknikk som hjelpte han.

Hoppa over matta

Arne Tvervaag

IKKJE NM: Ein hælskade sette han utanfor, derfor fekk han aldri vere med i kampen om NM-medaljar

Foto: Anders Engeland / NRK

– Eg var god til å få beina langt fram. Derfor fall eg stadig tilbake på ryggen. Men dei gongane eg lykkast, blei det ofte langt, seier han.

I tillegg hadde han ein veldig god spenst. Han hadde også respektable 1,52 i høgde utan tilløp, og 6,78 og 14,50 i «vanleg» lengde og tresteg.

– Eg var lærar på Noresund, og der var det ikkje alltid så mykje å ta seg til på fritida. I gymsalen hadde vi ei matte som var 3,50 lang, og som eg synest det var moro å hoppe over og lande på golvet på andre sida. Vi var vel ikkje akkurat forsiktige på den tid, ler han.

Men friidrettsutøvarane har generelt blitt vesentleg betre sidan Tvervaag var aktiv på 60-talet. Spenst er viktig i mange idrettar. Kvifor har ikkje det gitt betre resultat i øvinga?

– Det er fordi stille lengde i tillegg til spenst også krev sin eigen teknikk. Det er det ingen som trenar på lenger, seier Rune Wiborg.

– Du ser det på resultatlistene. På 60-talet og tidlegare var dei dominerte av folk som satsa spesifikt på hopp utan tilløp, og som ikkje gjorde seg særleg gjeldande i andre friidrettsøvingar eller idrettar. I dag er dei beste i hopp utan tilløp utøvarar som primært satsar på noko anna.

Fekk aldri delta i NM

Det har vore arrangert noregsmeisterskap i stille lengde kvart år sidan 1910, minus nokre sesongar under dei to verdskrigane. Men i NM var Tvervaag aldri med.

– Nei, det blei ikkje slik. Eg skadde hælen og fekk ein betennelse, fortel han.

Dermed var det andre som kom i rampelyset. Først og fremst bergensaren Johan Christian Evandt. Han tok 10 av 11 NM-gull frå 1956 til 1966. Vinnarresultatet på 3,58 frå 1964 og 1965 er framleis meisterskapsrekord. Evandt hadde også verdsrekorden med 3,65 før Tvervaags rekordhopp. Og han tok også sju NM-titlar i høgdehopp utan tilløp.

STORT: NM i hopp utan tilløp var stort på 60-talet. Her vinn Johan Christian Evandt NM både i lengde og høgde utan tilløp i 1963

Evandt var sjømann og trena på skipet. I juli 1958 hoppa han 3,58 i ein konkurranse om bord i M/S Goya. Det var seks centimeter over hans eigen verdsrekord på den tid, men resultatet blei aldri godkjent.

Noreg er det einaste landet i verda der det framleis blir arrangert offisielt nasjonalt meisterskap i lengde og høgde utan tilløp.

Sprengde drøymegrensa

Oda Utsi Onstad

SPRENGJER GRENSER: Oda Utsi Onstad er første norske kvinne over tre meter

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

I årets NM skjedde det historiske: For aller første gong greidde ei kvinne å hoppe over tre meter. Oda Utsi Onstad landa på, 3,03.

30-åringen frå Norna-Salhus har revolusjonert lengde utan tilløp på kvinnesida. For to år sidan sletta ho den 37 år gamle rekorden til Annelin Mannes med seks centimeter til 2,98. I fjor landa ho på 2,99, før ho altså knekte tremetersgrensa i år.

10 av 10 mogelege OL-gull

Hopp utan tilløp er ei friidrettsøving med ei stolt historie. Det var til og med OL-øving frå 1900 til 1912. Amerikanaren Ray Ewry vann fire gull (om vi reknar med «ekstra-OL» i 1906), og hans olympiske rekord på 3,47 frå 1904 hadde stått seg godt den dag i dag. Det var stadig gjeldande verdsrekord då øvinga blei borte frå det internasjonale friidrettsprogrammet på 1930-talet.

Ewry tok gull også i høgde utan tilløp dei same åra, og vann også tresteg utan tilløp i 1900 og 1904. Med 10 gull totalt frå alle dei ti øvingane han starta i, går han inn blant dei aller største i OL-historia. Det tok over hundre år før nokon overgjekk han. I tillegg blei han USA-meister 15 gonger.

«The Human Frog»

Ray Ewry

GULLGROSSISTEN: Ray Ewry forsynte seg omtrent av det som var av OL-gull i hopp utan tilløp den tid det stor på programmet

Ewrys karriere er eineståande. Han fekk poliomyelitt som sjuåring, og måtte sitje i rullestol. Men han var fast bestemt på at der ville han ikkje vere resten av livet. Han bestemte seg for å trene seg til å få beinstyrke nok til å kunne gå.

Det gjorde han med bravur. Hopping var ein del av treninga, og han blei stadig sterkare og betre i hopp utan tilløp. Han blei lagt merke til straks han flytta til friidrettsmiljøet i New York, der han blei kaptein for laget. Det var der han fekk tilnamnet «the human frog» (den menneskelege frosken).

I sitt første OL, i St. Louis i1900, tok han sine tre gullmedaljar i løpet av nokre timar på same dag. Etter 3,30 i lengde, følgde han opp med 10,58 i tresteg og 1,65 i høgde.

Rekord på NFL-test

Byron Jones, Dallas Cowboys

REKORD: Byron Jones er den einaste som har hoppa lengre enn Tvervaag i 1968. Jones spelar amerikansk fotball for Dallas Cowboys, og tok rekorden under ein spensttest

Foto: Patrick Smith / AFP

Men om ikkje stille lengde er offisielle konkurransar i utlandet lenger, spelar øvinga framleis ei vesentleg rolle i andre idrettar.

Jones' 3,73 kom som eit sensasjonelt resultat i den årlege NFL Combine. Det er ein konkurranse for universitetslags-spelarar som skal vise seg fram for NHL-klubbane. Lengde utan tilløp er ei av øvingane der, for å vise fram spensten for dei håpefulle spelarane.

Hans resultat er det klart beste i Combine-historia, 20 centimeter betre enn det Jamie Collins oppnådde i 2013.

Andre idrettar har også sine liknande konkurransar. Men ishockeyspelarane i NHL Combine har aldri hoppa lenger enn Brendan Guhles 3,10 meter i 2015.

Friidretten har noko som heiter Quadrathlon Power test, der stille lengde er ei av fire øvingar, og som skal måle spensten og eksplosiviteten i musklane. Toppen der har tikjemparen Tom Pappas med 3,40, framfor den ikkje ukjende sprintaren Justin Gatlin med 3,36.

PS: Om du vil bli konstabel i det føderale politiet i Brasil, bør du vere spretten. Der krevst det minst 2,14 (menn) og 1,66 (kvinner) i stille lengde for i det heile tatt å bli vurdert.

Siste nytt

  • Fire argentinske fotballspillere arrestert for voldtekt

    Fire profesjonelle fotballspillere i Argentina ble mandag pågrepet for å ha voldtatt en kvinnelig sportsjournalist på et hotellrom tidligere denne måneden. Den 24-år gamle kvinnen sier hun ble med på et hotellrom med en av dem, sovnet, og ble voldtatt, melder AFP.

    Toppklubben Velez Sarsfield har suspendert de fire og satt i gang en intern etterforskning.

  • Tidligere Brann-profil dropper skjebnekamper – nå beklager han til lagkameratene

    Tidligere Brann-spiller Robert Taylor skapte irritasjon da han takket nei til å spille for Finland i torsdagens EM-skjebnekamp mot Wales. Nå forklarer han seg.

    Taylor, som også har en fortid i Tromsø, spiller til daglig sammen med superstjernen Lionel Messi i Inter Miami.

    Kampen mot Wales er semifinale i omspillet i nasjonsligaen.

    – Jeg har stor tro på at Finland i disse svært viktige kampene trenger spillere som er hundre prosent i form, slik at vi forhåpentligvis kan sikre oss en plass i EM. Det hadde vært egoistisk av meg å ta denne muligheten fra en annen spiller, skriver Taylor på Instagram.

    – Fordi dette var en svært vanskelig avgjørelse å ta, tok det lengre tid enn forventet å komme fram til denne løsningen. Jeg vet at det har satt laget i en utfordrende situasjon, så jeg vil be om unnskyldning til lagkameratene og trenerne mine, legger han til. (NTB)

    Taylor
    Foto: AP
  • Konow med sammenlagtseier i verdencupen i telemark

    Kaja Bjørnstad Konow tok sammenlagtseieren i øvelsen klassisk distanse i verdenscupen i telemark mandag.

    Det var Konows første sammenlagtseier i verdenscupen.

    Den norske profilen tok annenplassen i mandagens avslutningsrenn i franske Pra Loup. Det holdt til å ta verdenscupkula hjem til Norge.

    Konow vant med 30 poeng ned til franske Augustine Carliez, og hadde 76 poeng til en annen fransk løper, Laly Chaucheprat, på tredjeplassen.

    Gøril Strøm Eriksen sørget for en god norsk dag mandag med tredjeplass i avslutningsrennet.

    På herresiden er Trym Nygaard Løken tilbake for fullt i verdenscupen. Han tok seieren i herrenes renn og var 1,9 sekunder foran franskmannen Elie Nabot.

    Jacob Alveberg kjørte inn til femteplass. (NTB)

    Kaja Bjørnstad Konow
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal