Kvernvolden-perle haldt ikkje
Trass i ei perle frå Kolbotn-spelar Ingrid Kvernvolden, var det Stabæk som stakk av med sigeren, og tok med det sine første poeng for sesongen.
Melissa Bjånesøy gav Stabæk ein draumestart på Sofiemyr Stadion, då ho breisida ballen i mål frå kort hald.
Like etter timen var det Maiken Bjørndalen som var på rett stad til rett tid. Ho plukka opp ein retur på 11 meter, og løfta den over målvakt Siri Ervik og i mål, og dobla med det Stabæks leiing.
Berre to minutt seinare leverte Kolbotn-spelar Ingrid Kvernvolden kampens scoring, då ho limte eit frispark frå 25 meter rett i vinkelen.
Men det enda berre opp som eit trøystemål i kampen som enda 2–1 til Stabæk.