Ein plass i kvartfinalen var avhengig av siger mot Russland. Men manglande effektivitet øydela.
– Vi får veldig mykje mot oss i første periode, med mykje spel i undertal. Men vi reiser oss fint, synest eg. Vi var med, men dei var hakket kvassare, seier Ole-Kristian Tollefsen til NRK.
– Vi krigar på, og det blir ikkje stygge siffer, seier han, og legg til at kampen mot Russland i Moskva var ei god oppleving, trass tapet.
– Vi gjer ein bra match. Vi har sjansar, vi skaper mykje. Men dei er litt meir effektive, dei treng ikkje mange sjansar for å score, seier Andreas Martinsen.
Stort målvaktspel
Som gir målvakt Steffen Søberg skryt.
– Han står på hovudet og held oss inne i kampen når vi får mykje undertal tidleg. Han leverte nokre «sinnssjuke» redningar, seier Martinsen om målvakta som redda 12 russiske skot og heldt nullen i første periode då Russland verkeleg trykte på.
Søberg sjølv er nøgd med dagen for sin eigen del, men ikkje resultatet.
– Gutta tetta bra igjen og gjorde jobben lettare for meg. Vi leverte ein god laginnsats i dag, det er berre synd vi ikkje fekk meir ut av det.
– Har du ingen nervar?
– Det har eg. Men eg viser dei berre ikkje.
To gode norske periodar
Norge var godt med i kampen i dei to siste periodane, men avslutningane var ikkje gode nok. Russland var mykje kvassare i angrep, og det avgjorde kampen.
Russland dominerte stort i første periode. Det var tett trafikk framfor det norske målet så å seie heile tida, og berre Steffen Søbergs storspel hindra scoring. Det trass i tre nokrske utvisningar mot null rusisske i den perioden.
Spelemessig kom Norge mykje betre frå andre periode, då dei faktisk vann skotstatistikken 11-9.
Men det var Russland som scora. Ivan Telegin styrte inn leiarmålet etter berre drygt to minutt, og Artemi Panarin sobla to minutt før perioden var slutt.
2.31 ut i siste periode var sjansen til norske poeng i praksis ute. Ut av ingenting vippa Roman Ljubimov inn 3-0 med eit «tennis-slag».
Norge avsluttar gruppespelet med kamp mot Latvia i morgon, og vil med siger der vere garantert VM-spel også neste år.
– Vi har alt i våre eigne hender om vi vinn i morgon, og det har vi tenkt å gjere også, seier Martinsen.