Etter jaktstarten i dag har Norge to av dei tre beste skiskyttarane i verdscupen for kvinner. Marte Olsbu er nr. to, Synnøve Solemdal tre. Men Solemdal står over verdscupen i Frankrike neste helg.
Det har vore planlagt lenge.
– Det løner seg i lengda å få litt meir trening i jula. Det er litt tungt å stå ved den avgjerda no, men eg trur det vil løne seg utover vinteren.
– Angrar du?
– Ja.
19 strake treff for Olsbu
Mest gledeleg for Norge i dag var Marte Olsbus sterke femteplass, etter å ha starta som nummer 13. Ho bomma på det første skotet, men smelte så inn 19 strake treff.
– Eg greidde å skjerpe meg. Dette er eg veldig godt nøgd med, seier ho smilande til NRK rett etter målgang.
– Eg er glad eg er med så nær toppen. Det er motiverande at det er så jamt der, og eg håpar eg snart kan knalle til og vere med heilt der oppe. Det kan kome når som helst, eg treng berre nokre fleire løp, seier Olsbu etter femteplassen på jaktstarten i Hochfilzen.
– Det gir god tryggleik inn mot OL-sesongen. Dei andre ser at når vi får det til, er det mogeleg for dei også.
– Vi hadde ein intern kamp. Eg låg to poeng bak Synnøve før start. Det var godt å gå forbi, og vi skal ha ein hard fight framover, ler Olsbu.
Med sin eine strafferunde var ho 58 sekund bak Kuzmina.
– Eg er godt nøgd med skytinga, men det gjekk litt for seigt i sporet. Det var litt tungt i dag, sa ho etter løpet.
Anastasia Kuzmina vann, trass i at ho sleit fælt på siste skyting. Kaisa Mäkäräinen hadde tatt innpå lenge. Men ho fekk ein bom på den siste skytinga, og måtte kjempe med Darja Domratsjeva om andreplassen.
– Trygt å gå bak Marte
Synnøve Solemdal blei nummer åtte, 1.16 bak vinnaren.
– Eg fekk veldig god rygg av Marte. Eg låg bak heile tida og let henne gjere drajobben. Eg prøvde å legge trykk på henne på siste skyting, men så var det eg som fekk ein bom og ikkje ho. Men topp ti er kjempebra, seier Solemdal.
Ho var glad for at ho gjekk store deler av løpet saman med Olsbu.
– Kan hende er det litt teit å seie det, men det gir tryggleik å gå bak ryggen hennar. Då kjennest det som det er berre trening, seier Solemdal. – Det var godt at ho lykkast og kunne dra meg med.
NRK-kommentator Ola Lunde er nøgd med skytinga jentene leverer.
– Det er eit mykje høgare nivå på skytinga no enn før, seier Lunde.
Hilde Fenne hadde fjerde beste langrennstid på jaktstarten. Men med sju bom på standplass enda ho på 36.-plass.