NRK Meny
Normal

Kunne blitt lånt ut – i kveld redda Januzaj Manchester United

Han kunne ha blitt lånt ut til ein anna Premier League-klubb. Men i kveld viste Adnan Januzaj kvifor Louis Van Gaal bør behalde han i Manchester United.

Britain Soccer Premier League

MATCHVINNAR: Adnan Januzaj skåra kampens einaste mål, mens Wayne Rooney framleis ikkje har fått ballen i nettet sidan april månad.

Foto: Rui Vieira / Ap

Laster innhold, vennligst vent..

Dei siste vekene har spekulasjonane gått høglydt. Skulle Adnan Januzaj, belgieren som slo til med eit brak med to mål i sin fyrste kamp frå start for to år sidan, bli lånt ut til ein anna Premier League-klubb?

Mot Aston Villa i kveld fekk 20-åringen sjansen av manager Louis van Gaal til å vise seg plassen i United-stallen verdig.

Og Januzaj har vist seg å vere ein som tek godt vare på sjansene han får.

– Berre rykter

Etter nærmare ein halv times spel er det United som får det svært viktige fyrste målet. Juan Mata finn Adnan Januzaj med ein glimrande stikkar. 20-åringen rundlurar Micah Richards, og avsluttar via både Villa-keeper Clark og stolpen inn i mål.

– Eg har ikkje spelt kamp på lenge og matchformen er ikkje veldig bra. No håpar eg å få fleire kampar og skåre fleire mål, sa ungguten til intervju vist på TV2 etter kampslutt.

På spørsmål om utlånsryktene og om han ville bli på Old Trafford, svarte Januzaj kontant.

– Det er berre rykter, eg er lykkeleg her og vil fortsette å kjempe meg inn på laget.

Forsvaret imponerte

Men det var langt frå ei enkel oppgåve Manchester United i sin andre seriekamp for sesongen. Heimelaget viste at dei verkeleg kan bli å rekne med i den nye sesongen og sat United-forsvaret på fleire prøver.

Memphis Depay er svært nærme å doble leiinga når han får ein like lekker pasning frå Juan Mata som Januzaj, men i kveld var det ikkje dei nyinnkjøpte stjernene som glimrar for Manchester United.

Chris Smalling var dominerande i forsvaret saman med mellom anna Daley Blind, og matchvinnar blei som nemnt Adnan Januzaj. Ein spelar som kom til klubben som 16-åring og har gått gradene i United-akademiet.

Etter kampen var manager Louis van Gaal naturleg nok godt fornøgd med å sjå laget sitt overnatte på toppen av tabellen med full pott.

– Starten på sesongen er betre enn i fjor. I fjor hadde me eitt poeng på same tid, no har me seks. Eg er veldig fornøgd, sa van Gaal til BBC.

Nederlendaren var imponert over kampens einaste mål.

– Me skårar eit vakkert mål, med ein fantastisk pasning frå Juan Mata og god avslutning frå Januzaj, held van Gaal fram.

Siste nytt

  • Alle tre topplaga tapte

    Både Aalesund, Viking og Sandnes Ulf tapte i dagens runde i 1. divisjon. Resultat: Aalesund - HamKam 1-2, Jerv - Viking 3-2, Mjøndalen - Sandnes Ulf 1-0, Sogndal - Strømmen 5-1, Florø - Levanger 0-2, Notodden - Åsane 0-0, Tromsdalen - Nest Sotra 3-1.

    Eliteserien fotball 2018: Viking - Ålesund.
    Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
  • Selvmål reddet Haugesund

    Tromsøs Kent-Are Antonsen scoret kampens eneste mål i oppgjøret mot FK Haugesund søndag. Han satte ballen i feil mål i første omgang, og FKH vant 1–0.

     Kent-Are Antonsen
    Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix
  • Scoret fem mål på 12 minutter

    Sogndal havnet tidlig under 0–1 i søndagens 1.-divisjonskamp mot Strømmen.

    Så scoret Sogndal fem mål fra det 18. til det 30. minutt. Etter en halvtime sto det 5–1 på Fosshaugane. Det ble også sluttresultatet for Eirik Bakkes menn.

    Kvalifisering til Eliteserien 2018. Sogndal mot Ranheim 1 - 0
    Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsrevyen
4-4-2 Eliteserien: Rosenborg - Brann