Hopp til innhold

Kun menn får bokse utan hjelm i OL: – Diskriminering!

For første gang på 32 år får menn lov til å bokse utan hjelm i OL, men kvinner må framleis ha den kontroversielle hjelmen på.

Boksing

– HJELMEN AV? NEI, TAKK: Den brasilianske boksaren Tereza Figueiredo med hjelm under prøve-OL i Rio de Janeiro. Hjelmen må ho også ta med seg når leikane går i gang i august.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / Afp

– Det er forskjellsbehandling. Eg tenker at det ikkje er noko som står i vegen for at kvinner skal få lov til å ta av hjelmen når menn får lov, seier Lotte Lien, som er europameister i boksing.

Det internasjonale bokseforbundet og Den internasjonale olympiske komité har fjerna påbodet om hjelm for menn i OL, men ikkje for kvinner.

Årsaka er at Det internasjonale bokseforbundet berre har forska på menns skaderisiko ved bruk av hjelm. Resultatet: Sjansen for hjerneristing er mindre utan hjelm enn med hjelm.

Likevel kan ikkje kvinnene ta hjelmen av. Dette er kvinnediskriminering, konkluderer Lien.

– Vondt å sjå kvinner bokse

– Eg trur ikkje kvinne- og herrehovudet er skapt så forskjellig. Eg trur kvinner toler like mykje som menn, seier Lien.

– Dette handlar nok om at boksesporten blir styrt av mange menn av den eldre generasjon. Dei som vedtek dette held fast i argumentet om manglande forsking fordi dei synst det er for vondt å sjå at damer boksar utan hjelm.

Lotte Lien

REAGERER: Lotte Lien meiner dei blir forskjellbehandla.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Norges Bokseforbund støttar vedtaket

For Norges Bokseforbund er det greitt at kvinner framleis må bokse med hjelm i OL.

– Vi kan ikkje godta at dei endrar reglar for våre utøvarar før det er gjort grunnleggande studiar. Den medisinske ekspertisen i AIBA og IOC seier at det er fysiologiske forskjellar på kvinner og menn. Derfor må det vere to separate studiar til forskinga på kvinner er klar, seier Frank Robert Walstad, som er styremedlem i Norges Bokseforbund.

– Kvifor har ikkje AIBA også gjennomført studiar på kvinner i boksesporten?

– Godt spørsmål. Det handlar truleg om volumet av utøvarar hos menn og kvinner. Ein har større datagrunnlag og fleire kampar med menn. Derfor var det viktigare å gjennomføre studia på menn enn på kvinner. Det handlar om ressursar, seier Walstad.

– Men er det noko som tilseier at kvinner er meir utsett for skadar utan hjelm?

– Nei, det kan vi ikkje vite sidan studia for kvinner ikkje er gjennomført. Men vi veit at er medisinske forskjellar på kvinner og menn. Mellom anna dreier det seg om hormonforskjellar. Dette kan potensielt påverke hjernen med tanke på ei hjerneristing, seier Walstad.

Frank Robert Walstad

STØTTAR AIBA: Norges Bokseforbunds styremedlem, Frank Robert Walstad.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Hjelmen har ikkje redda meg

Men Lien er ikkje overbevist om at det er riktig å behandle menn og kvinner ulikt i OL.

– Eg tør å påstå at hjelmen ikkje er det som har redda meg frå store skadar gjennom boksekarrieren, seier Lien.

– Kvinneboksing er framleis framand for dei som styrer. Det er litt for nytt, legg ho til.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal