Men det var Luka Modrics straffe som var den som vekte mest debatt. Ballen gjekk i keepers arm, i stolpen og inn. Russlands keeper Akinfejev var dermed veldig nær å ta straffen frå Kroatias stjerne.
– Det er kjempeflaks at straffen går inn. Tida står stille når han ventar på å sjå om den går inn, sa Brede Hangeland i TV 2s oppsummering.
– I ein utruleg jamn kamp er det desse marginane som blir avgjerande.
– Akinfejev kan vere stolt av ei god turnering, seier Erik Thorstvedt om Russland-keeperen.
Avgjorde for andre kamp på rad
For andre kamp på rad avgjorde Ivan Rakitic ein straffekonkurranse. Det sende heimelaget ut av VM.
I åttedelsfinalen avgjorde han mot Danmark frå straffemerket. I kveld gjorde han det same mot Russland, og sikra kroatiske semifinale mot England.
For Russland blei Mario Fernandes den som øydela. Først skaffa han Russland straffekonkuranse med utlikning seint i ekstraomgangane. Så bomma han i strakkekonkurransen.
Den brasilianskfødde russaren sette straffen sin godt utanfor stolpen. Då hjelpte det ikkje at dei to siste russiske straffene gjorde jobben sin. Det er Kroatia som går til semifinale mot England.
Russland leia i ordinær tid, Kroatia i ekstraomgangane. Men det enda 2–2 og blei straffekonkurranse i den siste kvartfinalen.
To mål i ekstraomgangane
Domagoj Vida såg ut til å bli helten mot vertslandet i kvartfinalen i Sotsji. Ti minutt ut i ekstraomgangane heada han eit hjørnespark i nota frå langt hald, og det stod 2–1. Headinga var ikkje hard, men det russiske forsvaret var sett ut av spel, og ballen spratt i mål.
Det kunne ha vore godt nok til å avgjere kampen og gi Kroatia den siste semifinaleplassen – mot England onsdag.
Men nei. Fem minutt før ekstraomgangane var ute var Mario Fernandez høgast i feltet, og heada inn frisparket frå Alan Dzagojev. Dermed 2–2 og ny straffekonkurranse.
Russland – nummer 70 og lågast ranka av alle VM-nasjonane – viste seg å vere svært vanskelege å knekke av Kroatia. Det lukkast ikkje i løpet av 90 minutt.
Praktmål
Russlands overraskande leiarmål etter ein halv time var praktfullt. Denis Tsjerysjev smelte til frå over 20 meter og ballen fauk inn i vinkelen – hans fjerde mål i VM.
Men Kroatia var det beste laget både før og etter scoringa, og dei fekk utlikninga si like før pause. Mario Mandzukic la inn, og Andrej Kramaric heada knallhardt i nettet.
Kvarteret etter pause var Kroatia så nær leiing det er mogeleg å kome. Ivan Perisic hadde god plass etter masse rot i det russiske forsvaret. Men ballen slo i innsida av stolpen og trilla langs streken og ut.
Nærmare kom ingen av laga i ordinær tid. Kroatia makta aldri å skape noko meir av sitt speleovertak, og dermed blei det ekstraomgangar.
Russland i ledelsen
Russland i ledelsen
0:17Kroatia utligner
0:20Stor sjanse til Kroatia
0:10Sjanse til Russland - Header over mål
0:05Kroatia scorer i ekstraomgangen
0:08Russland utligner
0:33Mario Fernandes bommer for Russland
0:07Luka Modrić scorer på sin straffe
0:09Kroatia vinner straffekonkurransen
0:21