Kroatia blir også pålagt å syte for at det ikkje blir selt billettar til visse fans, definert som bråkmakarar.
Det var heilt mot slutten av kampen kroatane tok til å slåst på tribunene, og kaste naudbluss ut på bana. Eitt av blussa aksploderte i hendene til ein funksjonær.
Kampen vart stoppa i fleire minutt, og dei kroatiske spelarane måtte ut på sidelinja for å prøve å roe ned tilskodarane.
– Terror
Publikumsbråk, bruk av fyrverkeri, kasting av bluss og rasistisk oppførsel. Det var det dei kroatiske tilskodarane var tiltalte for, og som landets fotballforbund no er straffa for.
Eit dusin bluss og andre gjenstandar vart kasta på bana nær politifolka som skulle vakte dei kroatiske supporterane.
– Dette vil eg kalle terror. Det er ikkje supporterar, det er hooligans, sa Kroatias landslagssjef Ante Cacic.
Då blussa vart kasta ut på bana, leia Kroatia 2-1. Men på overtid utlikna Tsjekkia til 2-2 på straffe.
Slepp poengstraff
I ettertid har det kome fram at tribunebråket var planlagt, og var ein protest mot fleire leiarar i landets fotballforbund. Kroatiske leiarar seier også at dei varsla UEFA om dette på førehand.
Men Kroatia slepp poengstraff. Dermed står dei framleis med sine fire poeng og er så godt som klare for åttedelsfinalene.
Kroatia møter Spania i sin siste gruppekamp tysdag.
Saka blir oppdatert!