– Dette er skremmande, seier Iver Johan Knottens far og trenar, Jon Erik Knotten.
Knotten har nettopp fått gjengitt UCI-president Brian Cooksons kommentar til NRK dagen etter den norske varmekollapsen i VM-løypa.
– Eg har blitt fortalt av det medisinske apparatet at ingen her har kollapsa på grunn av varmen, kun fordi dei var utmatta etter høg innsats, seier Cookson til NRK.
I går datt norske Iver Johan Knotten saman under juniorrittet i Doha. I rundt 40 grader sa det brått stopp for sykkeltalentet, som blei liggande dehydrert på bakken ved sykkelen.
Reagerte i det medisinske teltet
Far Jon Erik Knotten er klar på at sonen Iver Johan kollapsa på grunn av varmen, og likar ikkje UCI-presidentens utsagn.
– Det er både problematisk og skremmande at dei høge herrar i Det internasjonale sykkelforbundet har desse haldningane, seier Knotten, som understrekar at han uttalar seg som far og privatperson.
Han meiner at UCI prøver å skjule at varmen i Qatar kan by på problemer.
– Eg merka det då vi var i det medisinske teltet med Iver Johan i går. Det medisinske personellet var mest opptatt av om han ein historikk med kollaps frå gamalt av, og å finne andre årsaker enn varmen til at han hadde gått over ende, fortel Knotten.
Den belgiske avisa Het Nieuwsblad har også omtala saken. I artikkelen blir det retta kritikk mot UCI. Avisa kallar temperaturane uforsvarlege, og nemner fleire ryttarar som dei meiner kollapsa på grunn av varmen i Qatar.
– Ikkje nær grensa
Knotten meiner det er heilt «OK» at VM går i Doha sjølv om mange andre har kritisert UCI for tildelinga.
Han er kritisk til at hjelpeapparatet ikkje fungerte godt nok under det varme juniorrittet fredag.
– I U23-rittet var det bilar bak feltet som delte ut drikke til ryttarar som slapp seg ned. Det var det ikkje under juniorrittet. Der fekk dei kun vatn i langesona, og du kan jo tenke deg kor vanskeleg det er å gripe etter ei flaske med vatn når du køyrer i høg fart på sykkelen. Dei burde sett inn motorsyklar i løypa, som ga dei vatn, seier Knotten.
Cookson meiner UCI har gjort alt rett i avviklinga av VM.
– Vi er fornøgde med måten vi har gjennomført dette på.
– Har det vore nær ei grense for kva som er forsvarleg med tanke på varmen?`
– Eg vil ikkje seie at vi er nær grensa, men heten er veldig sterk.
Cookson opplyser også om at VM-løypa for senior herrer søndag etter alt å dømme ikkje blir korta ned på grunn av varmeutfordringar. Der skal Alexander Kristoff og resten av det norske landslaget sykle over 100 kilometer i opent landskap i ørkenen.
Kjelder: Aftenposten og Het Nieuwsblad.