Denne veka har skiforbundet vore med på å plukke ut talenter til treningssamling med Petter Northug.
Ei av dei som set pris på å få delta på samlinga er Julie Vollum Bø frå NTG Lillehammer.
– Vi blir veldig sett i fokus og lærer veldig mykje om korleis Petter tenkjer. Han er verdas beste, og det er veldig spennande å komme inn i hovudet hans, seier Bø.
Fryktar konsekvensane
Men ikkje alle er sikre på om denne satsinga er vegen å gå.
– Eg er skeptisk til ein del av dei av dei utviklingstrekka skiforbundet har vore delaktig innom dei siste åra. For eksempel ved å sette i gang tilbod for dei som presterer best i 14- til 16-årsalderen, seier Estil.
Frode Estil blei best som vaksen utøvar. Han fryktar konsekvensar av for tidleg satsing.
– Å køyre eit veldig spissa og profesjonelt opplegg i dei åra der kan verke mot si hensikt, seier Estil.
– Estil tenkte akkurat likt
Vidar Løfshus avfeier Estils kritikk. Han meiner at også dei beste løparane på toppnivå har tenkt på å bli best frå ung alder.
– Dei har tenkt at dei skal trene mykje og legge eit løp for å ta olympiske medaljar. Eg trur at til og med Frode Estil var der når han var 14-15 år, seier Løfshus.