Kritikar vart nekta stemmerett - Tennisforbundet snur etter advokatinnblanding

Thomas Wettergreen fekk først ikkje lov til å stemme på det ekstraordinære tennistinget laurdag. Då NIFs juridiske avdeling vart innblanda, snudde Tennisforbundet.

Ekstraordinært tennisting

VIDEO: Slik var det ekstraordinære tennistinget. Se det i reprise her. (Bilder fra Norges Tennisforbund).

Eg tenkjer at det er eit salig kaos som skjer i tennisforbundet for tida. At dei ønskjer at det skal vere stor openheit ut i klubbane, så driv dei i tillegg og prøver å leggje avgrensingar på dei som er lovlege delegatar. Det er rett og slett graverande at dei bruker tid på det, seier Thomas Wettergreen.

Thomas Wettergreen

KRITISK: Thomas Wettergreen har vore kritisk til korleis Noregs Tennisforbund har drive dei siste åra.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Laurdag skal han på tennistinget for å diskutere ei mogleg gransking av Norges Tennisforbund. Wettergreen, som har vore ei kritisk stemme til forbundet i fleire veker, fekk først beskjed om at han ikkje fekk stemme på tinget.

Etter dialog med NIFs advokatar har han no fått tennisforbundet til å snu.

Ekstern gransking eller ikkje?

Det har storma rundt Noregs Tennisforbund (NTF) denne våren.

Først kunne NRK erfare at den tidlegare generalsekretæren hadde brote eigne koronaretningslinjer og trena i Oslo Tennis Arena på eit tidspunkt hallen var stengd for publikum. Sidan då har fleire aktørar kome på banen og vore svært kritiske til pengebruk, prioriteringar og støtta til nokon av dei beste tennisspelarane i landet.

Som følgje av desse medieoppslaga, vart det i mai innkalla til eit ekstraordinært tennisting. Der skal forbundet leggje fram ei rekkje forklaringar, før klubbane skal stemme over om dei ønskjer ei ekstern gransking av drifta i forbundet.

Feiltolka regelverket

Det ekstraordinære tinget blir gjennomført laurdag i Oslo Tennis Arena. Her fekk altså ikkje Wettergreen, som har uttalt seg kritisk både til NRK, TV 2, Aftenposten og Dagbladet, delta.

Grunnen til at Wettergreen først ikkje fekk delta, var at han jobbar som trenar i Blommenholm og Sandvika tennisklubb, og dessutan at han tek nokre oppdrag for Holmestrand tennisklubb.

Fredag formiddag viste Tennisforbundet til paragraf 7.1 i lovverket sitt, om valbarheit og representasjonsrett, då NRK spurde om kvifor Wettergreen ikkje får vere delegat. Der står det mellom anna:

«Ein person som har økonomisk særinteresse i drifta av eit organisasjonsledd som overstig 1 G i løpet av kalenderåret, er ikkje valbar til styre, råd, utval/komité innan særforbundet eller NIF.».

– Det er vanleg praksis at vi følgjer lovverket. Så langt ingen andre påmeldt med same interessekonflikt, skreiv konstituert generalsekretær i forbundet, Aslak Paulsen, i ein e-post til NRK.

Aslak Paulsen

KONSTITUERT GENERALSEKRETÆR: Aslak Paulsen har vore konstituert som generalsekretær i Tennisforbundet sidan forgjengaren hans gjekk ut av stillinga 1. mai.

Foto: NRK

Han opplyste samtidig at styret i forbundet hadde innstilt på at Wettergreen skulle få talerett på tinget, men altså ikkje stemmerett.

Fredag har NIFs juridiske avdeling sett på saka. Dei konkluderer med at ei vurdering av økonomisk særinteresse skal gjerast isolert for kvart enkelt organisasjonsledd. Ein kan ikkje slå saman eventuelle økonomiske interesser i fleire tennisklubbar.

Wettergreen spelar tennis i Larvik og Stavern Tennisklubb. Styret der vedtok å sende Wettergreen som representanten sin på tinget. Ifølgje klubben er Wettergreen berre spelar i Larvik og Stavern.

– NTF ønskjer å etterleve lovverket for organisasjonen. NIF har påpeika at NTF har fortolka denne regelen feil, og vi tek det til etterretning, skriv Paulsen i ein ny e-post fredag ettermiddag.

– Meiningslaust

Etter det NRK forstår kan kostnaden på ei slik gransking liggje på rundt 500.000 kroner. Denne summen kan endre seg ut frå kor omfattande ei eventuell gransking blir når ho blir vedteken.

Det var altså styret i klubben Wettergreen speler tennis for, som ønskte å sende han på tennistinget.

– Vi er samd i argumentasjonen hans rundt at det er forhold i forbundet som bør sjåast på, og at midla kan brukast på ein betre måte. At det kjem opp og blir vurdert, synest vi er bra for heile Tennis-Noreg, seier styreleiar i klubben, Sven Petter Hellenes, til NRK.

No får Wettergreen altså lov til å stemme likevel. Han reagerer på at han måtte gjere ein innsats for å få lov til det.

– Det dei seier er at dei er til for klubbane, dei er opne og skal samarbeide. Det verkar som om det i det heile ikkje stemmer når ein opplever dette. Eg har brukt nesten to dagar på å kjempe for å få dei same rettane som andre har for å få tale og stemme, det synest eg er fullstendig meiningslaust.

Aslak Paulsen er førelagd skuldingane frå Wettergreen i denne saka, men ønskjer ikkje å kommentere dei.

Siste nytt

  • Ny førsteplass for Van Aert

    Wout Van Aert vant første etappe i Critérium du Dauphiné bare noen dager etter at han tok førsteplassen i monumentet Milano – San Remo.

    Beste nordmann i rittet var Carl Fredrik Hagen som syklet inn til en 60.-plass.

    Øvrige norske syklister var Edvald Boasson Hagen, Alexander Kristoff og Sven Erik Bystrøm. Det gjenstår fire etapper i Critérium du Dauphiné.

    Wout Van Aert
    Foto: Marco Alpozzi / AP
  • Sykkel-VM i Sveits avlyst

    På grunn av koronasituasjonen i verden blir det ikke arrangert sykkel-VM i Sveits i september som planlagt.

    Mesterskapet skulle blitt arrangert i Aigle og Martigny, men på grunn av omfattende karanteneregler i Sveits utgår mesterskapet.

    UCIs hovedkvarter
    Foto: FABRICE COFFRINI / AFP
  • Fjernet fra Real Sociedad-troppen

    Onsdag var Martin Ødegaard utelatt fra Real Sociedads oversikt over de 30 spillerne som senere denne uken skal starte opptreningen til neste sesong.

    Dermed virker det å være hold i spanske avisers rapporter om at Ødegaard blir Real Madrid spiller, fra og med kommende sesong.

    I utgangspunktet skulle midtbanestjernen være utlånt til Real Sociedad i to sesonger, men det ser ut til å stoppe etter ett år.

    Martin Ødegaard
    Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

Sendeplan

Kl. Program Kanal