NRK Meny
Normal

Kristoffs VM-hjelpar fryktar å bli etterlatt i ørkenen

DOHA (NRK): Værmeldinga har snudd: Dei norske VM-ryttarane får likevel sterk varme i Qatar. Og vinden vil «blåse feltet i fillebitar».

VM Qatar

INGENMANNSLAND: Her, midt i ørkenen, fryktar Alexander Kristoffs hjelperyttar Vegard Breen å stå igjen.

Foto: KHALED DESOUKI / Afp

– Det er klart ein hadde håpa det hadde blitt meir levelege forhold, seier Vegard Breen, som skal hjelpe Alexander Kristoff til VM-triumf søndag.

Tidleg i veka var det meldt temperaturar ned mot 30 grader i ørkenløypa. Plutseleg endra det seg, og landevegsrittet må syklast under glovarme forhold.

I tillegg er det meldt vind frå nordvest med styrke på rundt sju meter i sekundet, ifølgje yr.no.

– Sidevind på fire meter i sekundet er nok til å blåse eit felt i fillebitar, seier landslagssjef Stig Kristiansen.

Det verst tenkelege scenarioet

Forholda får Alexander Kristoffs hjelperyttar, Vegard Breen, til å grøsse.

– Det verste som kan skje er at det oppstår uhell. Du kan få ein velt eller ei punktering og hamne bak, og er så dum at du prøver å fortsette i ørkenen aleine.

– Då står du igjen med tom flaske, og alle bilar er foran deg i rittet og du skal komme deg fem mil tilbake. Då er det ikkje sikkert du kjem tilbake til Doha nokon gang, legg Breen til.

– Har du hatt mareritt om dette?

– Eg har ikkje hatt det, men dette er liksom det verst tenkelege scenarioet. At du blir sittande i ørkenen aleine, seier han med eit smil.

Blir verre å få i seg næring

Heller ikkje Edvald Boasson Hagen likar at det blir varmare og sterkare vind.

– Eg hadde sett fram til at det skulle krype nærare 30 enn 40, men no ser det ut til å bli godt og varmt likevel. Eg har ikkje takla varmen alt for godt før, men håpar at eg klarer meg.

– Og kva med vinden?

– Det blir endå vanskelegare å drikke og få i seg næring. Då er det mange grupper som er delt opp, og vanskelegare å få drikke frå bilane, seier Boasson Hagen.

Norge

ØRKENGJENGEN: Norges sykkellandslag.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Jublar for tøffe forhold

Alexander Kristoff nærast jublar for at det blir varmt, vindfullt og vondt. Han vil ha verst tenkelege forhold i ørkenen for å riste av seg spurtsterke konkurrentar.

– Eg føler meg bra i varmen på trening. Eg køyrte i seks timar på torsdag, og det gjekk bra for meg. Eit hardt og varmt løp for meg er ingen ulempe, seier Kristoff.

– Er det forsvarleg?

– Om halve feltet ligg strake som Iver Knotten gjorde i juniorrittet er det vel kanskje ikkje det. Eg har følt meg fin, men har sett andre som har fått problem, seier Kristoff.

Vegard Breen

ØRKEN-FRYKT: Vegard Breens verste mareritt er å bli etterlatt i ørkenen.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Siste nytt

  • Son må i militære

    Tottenham må trolig unnvære sin sørkoreanske kantspiller Son Heung-min (25) i starten av Premier League i slutten av august. Årsaken er verneplikt-innkalling. Alle mannlige sørkoreanere er pålagt en 21 måneders tjeneste før man fyller 27 år.

     Son Heung-Min
    Foto: Nigel French / AP
  • Kommunen sa nei til Lørenskog

    Formannskapet i Lørenskog sa i går kveld samrøystes nei til å støtte Lørenskog Ishockeyklubb.

    Klubben hadde bedt om 916.000 kr, som dei må ha innan 3. mai for å unngå konkurs.

    Lørenskog Ishockey
    Foto: Tore Meek / NTB scanpix
  • Boston tok siste kvartfinaleplassen

    Boston slo Toronto 7-4 i natt og tok den siste kvartfinaleplassen i NHL-sluttspelet.

    Kvartfinalene: Pittsburgh - Washington, San Jose - Vegas, Winnipeg - Nashville og Boston - Tampa Bay.

    Alle kvartfinalene blir spela som best av sju kampar.

    Boston Bruins
    Foto: Greg M. Cooper / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag