Hopp til innhold

Kristoffersen: – Det bryr meg svært lite

KITZBÜHEL (NRK): Supertalentet Henrik Kristoffersen (20) har yppa seg mot dei etablerte i over eitt år, men er fortsatt eit stykke bak toppen i slalåmcupen samanlagt.

Henrik Kristoffersen

Henrik Kristoffersen køyrte seg opp frå 11.-plass til 7.-plass i andre omgang, men tapte terreng til dei beste i slalåmcupen.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

20 år gamle Henrik Kristoffersen blei passert av Kitzbühel-vinnar Mattias Hargin i samandraget og ramla ned til 6.-plass i slalåmcupen.

Men for alpintkometen, som vann første verdscuprenn i finske Levi denne sesongen, er ikkje det så viktig.

– Akkurat det bryr meg spesielt lite om. Heller ikkje før sesongen tenkte eg på det. Det som er viktig er at eg køyrer raskare i år enn i fjor, seier nordmannen.

Det er ikkje å forvente at ein 20-åring skal segle til topps i så hard konkurranse, men med gode resultat har han ikkje vore langt unna dei aller største over ein lengre periode.

Vil heller satse og tape

Langt eldre Felix Neureuther leier slalåmcupen med 480 poeng når tre renn gjenstår. Like bak følgjer den etablerte verdscupleiaren Marcel Hirscher med 456. Etter dagens renn ligg skikometen Kristoffersen 189 poeng bak førsteplass når tre verdscuprenn gjenstår.

Henrik Kristoffersen

NUMMER SEKS I SLALÅMCUPEN: – Akkurat det bryr meg spesielt lite om, seier Henrik Kristoffersen.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

– Det er ikkje så viktig om eg blir nummer tre eller nummer fem i slalåmcupen no. Så lenge eg har positiv utvikling vil det gje meg meir i det lange løp enn å bli nummer nummer tre to år på rad og fortsette slik.

– Eg vil heller satse, køyre ut i enkelte renn og komme vidare i utviklinga. Då er sjansen større for at eg kan kjempe om å vinne slalåmcupen i framtida, seier Kristoffersen.

I verdscupen har han køyrt ut to gangar denne sesongen. Før sjuandeplassen i Kitzbühel var 5.-plass dårlegaste resultat i vinter.

Kristoffersen også har ein første-, tredje-, fjerde- og femteplass i verdscupen, som blir avslutta i franske Meribel.

I fjor overraska han med 2.-plass i Kitzbühel.

I år blei Kristoffersen «bare» nummer sju i slalåm-klassikaren. 20-åringen viste riktig nok sedvanleg opphentingsstyrke i andre omgang, og køyrte seg opp fire plassar.

Suveren i ungdomscupen

I selskap med dei store slalåm-kanonene er Kristoffersen den desidert yngste. Tyske Felix Neureuther (30) er ti år eldre.

Det får Kristoffersen til å ta situasjonen med knusande ro. Derfor satsar han med full risiko i kvart renn. Talentet køyrer på aggressiv taktikk for å presse seg til nye høgder.

– I dag er det ein del feil i første omgang som øydelegg. Men det kjem av at eg prøver å ta nye steg og utvikle meg, seier Kristoffersen.

– Ein må våge å satse for å følgje gutta i toppen. Ein må satse for å komme seg vidare. Eg er på kanten heile vegen, seier Kristoffersen.

At Kristoffersen er ein mann for slalåmcupen i framtida kan ein sjå på samandraget i ungdomscupen (for dei under 23 år).

Der er gapet mellom førstemann Kristoffersen og andremann Daniel Yule på heile 294 poeng.

Vinnaren av ungdomscupen får ca. 180 000 kroner i prispengar.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal