– Det er første gangen eg verkeleg har følt press. Då eg skjønte at eg kunne ende opp med å stå i målområdet og snakke om samanlagtsiger måtte eg jobbe skikkeleg med meg sjølv, seier Kristoffersen til NRK.
Kristoffersen leia med 131 poeng på Hirscher før sesongens nest siste renn i slalåmcupen.
21-åringen kunne sikre samanlagtsiger ved å halde Marcel Hirscher bak seg på resultatlista eller bli nummer to i rennet.
Det klarte han etter ein meget sterk prestasjon i andre omgang, der han køyrte seg opp frå sjetteplass til andreplass.
Hirscher: – Han har vist oss
Sist ein nordmann vann slalåmcupen sammenlagt, var då Kjetil André Aamodt vann kula tilbake i år 2000. Det er også einaste gangen ein nordmann har klart det før i dag.
– Dette er fullt fortent. Eg har vunne seks renn denne sesongen. Kjetil André vann vel kun eitt slalåmrenn då han tok kula, seier Kristoffersen.
Austerrikske Marcel Hirscher vann rennet. Han har til tider hatt ein frustrerande slalåmsesong med Kristoffersen i kanonform.
– Kristoffersen har vist meg og Felix Neureuther (Tyskland) korleis ein skal køyre. Han er den verdige vinnaren, seier Hirscher.
Hirscher legg til at Kristoffersen har hatt ein fordel sidan han nesten utelukkande har fokusert på slalåm, medan Hirscher har gått for totalcupen.
– Men Henrik har vore enormt sterk. Han taklar presset på ein veldig bra måte, seier Hirscher.
Trur på historisk Kristoffersen
Om to veker Kristoffersen verkeleg gjøre seg betydeleg i historiebøkene. Då kan vidunderbarnet frå Rælingen ta sin sjuande slalåmtriumf på ein sesong.
Ingen alpinist har nokon gang vunne meir enn sju slalåmrenn i løpet av ein sesong.
Alberto Tomba vann sju gangar i 1994/1995-sesongen, medan Ingemar Stenmark klarte det i 1976/77-sesongen og Marc Girardelli i 1984/85-sesongen.
Kjetil André Aamodt trur Kristoffersen kan klare det samme sidan han no slepp å tenke meir på slalåmcupen.
– Det kan bli ein veldig kul duell mellom Kristoffersen og Hirscher i St. Moritz. No kan Kristoffersen senke skuldrane og bare sleppe seg laus, seier Aamodt.
Kristoffersen fortel at han er ekstremt gira på å få det til.
– Den sjuande sigeren manglar for at sesongen skal vere komplett. Eg føler ikkje noko press, seier nordmannen til NRK. Det er ikkje noe press.
Hekt blei avgjørande
Etter Kristoffersens sterke andreomgang var det kun Julien Lizeroux som kunne spolere samanlagtfesten for 21-åringen.
Franskmannen var nummer to etter første omgang, men i hekta i andre omgang. Det ga Henrik Kristoffersen andreplassen han trengte for å vinne slalåmcupen samanlagt.
Her blir slalåmcupen avgjort:
Sjå Kristoffersen knuse til under tunge forhold i andre omgang: