Kristoffersen om striden i tingretten: – Eg må prøve å bruke det til noko positivt

HEMSEDAL/OSLO (NRK): Etter ei veke i rettssalen fekk Henrik Kristoffersen ei uvanleg opplading til NM. Alpinisten seier han vil ta med seg striden i tingretten som ei god erfaring.

Henrik Kristoffersen

I RETTSSALEN: Henrik Kristoffersen saman med pappa og manager Lars Kristoffersen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det har vore noko anna. Men det er ei ny erfaring, og ei god erfaring sånn sett. Det er noko man kan ta med seg vidare i livet. Eg må alltid prøve å bruke det til noko positivt, seier Henrik Kristoffersen til NRK om konflikten som har blitt bretta ut sal 250 i Oslo tingrett.

LES OGSÅ: Skipresidenten slo tilbake mot Kristoffersen: – Om nokon skummer fløten, så er det Red Bull

24-åringen saksøkte Noregs skiforbund for å få tilgang til å bruke Red Bull-logoen på hjelmen. I tillegg krev han 15 millionar kroner for tapte sponsorinntekter.

– Er sliten

Alpinisten hevdar at pengane betyr ingenting. Det viktigaste er at han vil få tilgang til Red Bulls støtteapparat dersom han vinn fram i retten, som han meiner vil gjere han til ein betre alpinist.

Kristoffersen har ikkje uttalt seg til media i løpet av rettssaka, men innrømmer i sitt første intervju med NRK, at både saka og den lange sesongen har slite på kreftene.

– Det har vore lærerikt og sånn, men sesongen er lang. Eg startar å stå på ski i midten av august, og det går utan pause fram til no.

– Kroppen er «påståeleg». Eg kjente i første omgang at eg gjekk litt for «tight» på portane. Eg tapar mykje så då «graver det litt ned». Det er litt for mykje vilje i forhold den energien som kroppen har akkurat no. Det er ein lang sesong og det byrjar å gå på kreftene laust, seier Kristoffersen som til slutt blei nummer ni i NM-storslalåmen på Hemsedal, over to sekund bak vinnaren Rasmus Windingstad.

Leif Kristian Nestvold-Haugen køyrde inn til NM-sølv, medan bronsen gjekk til 18-åringen Andreas Amdahl.

LES OGSÅ: Kristoffersen til angrep på skiforbundet: – De skummer berre fløten på toppen

Rettssaka held fram

Kristoffersen drog rett frå rettssaka til Hemsedal på fredag.

– Går du inn i den salen med same innstilling som i ein konkurranse. Kan du bruke noko av det du har i konkurranse og trening der?

– Det er eit godt spørsmål, det har eg eigentleg ikkje tenkt så mykje over sånn sett. No er det ikkje eg som gjer hovudjobben der, det er det ikkje. Det har eg ikkje reflektert noko særleg over dessverre, svarar Kristoffersen.

Rettssaka mellom Kristoffersen og skiforbundet held fram måndag. Då skal alpinisten sin advokat Odd Stemsrud ha sin sluttprosedyre. Tysdag blir rettsaken avslutta med skiforbundets prosedyre.

Siste nytt

  • Slik blir cupkvartfinalene

    Kvartfinalene i cupen ble akkurat trukket på NRK. De spilles slik:

    KFUM Oslo–Odd, Ranheim–Fram Larvik, Mjøndalen–Haugesund og Aalesund–Viking.

    Cupkamp mellom Viking og Stabæk.
    Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
  • Grøvdal klarte VM-kravet

    Karoline Bjerkeli Grøvdal løp i kveld sesongens første 5000-meter, og hun hadde full kontroll på VM-kravet (15:22). Grøvdal ble nummer to i et stevne i Polen med tiden 15:09.51. Etiopiske Debash Desta var to sekunder raskere enn den norske jenta.

    Grøvdal
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
  • Knallstart for Carlsen

    Magnus Carlsen brukte kun 23 trekk på å slå Anish Giri i åpningspartiet av Grand Chess Tour-turneringen i Zagreb. Nordmannen har nå 69 strake partier uten tap. Det har stormet rundt Carlsen de siste dagene.

    Magnus Carlsen
    Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal