NRK Meny
Normal

Kristoffersen i panikk – fekk ikkje puste

ASPEN (NRK): Ekstremlufta i Colorado skaper trøbbel for den norske slalåmstjerna Henrik Kristoffersen (20) før VM.

Henrik Kristoffersen

Fekk panikk: Henrik Kristoffersen vakna og fekk ikkje puste i tynnlufta i Aspen. Fredag og søndag er han norsk håp i storslalåm og slalåm

Foto: Heiko Junge / NTB/Scanpix

– Eg skal ærleg innrømme at eg vakna med panikk og ikkje fekk puste natt til fredag, seier Kristoffersen.

Denne veka har Kristoffersen trena saman med resten av teknikk-laget i Aspen på 2500 meters høgde.

Han er ikkje den første VM-alpinisten frå Norge som kjem til fjella i staten Colorado og slit med lufta.

– Lasse Kjus sleit veldig med lufta her, men var ekstremt rå på å takle det også. Eg har litt å lære der, seier Kristoffersen.

– Kva gjør du for å forhindre dårleg pust?

– Luftar på rommet og drikk masse vatn, seier 20-åringen.

Her er Kjus sine råd til Kristoffersen

Lasse Kjus Vail 1999

Gode råd: Lasse Kjus sleit også med tynnlufta i Vail i 1999, men takla det og tok fem medaljer. No gir veteranen gode råd til Henrik Kristoffersen

Foto: Richardsen, Tor / NTB scanpix

Lasse Kjus meiner Kristoffersen kan gjøre endå meir for å takle den tynne fjellufta.

– Eg barrikaderte meg på rommet og fekk opp fukta, seier Kjus, som vann fem VM-medaljar i Beaver Creek i 1999.

– Eg kunne sette på dusjen på «full guffe» i to timar midt på natta og fylle badekaret med glovarmt vatn.

I tillegg rår han Kristoffersen til å få i seg mykje salt, slik at han betre kan halde på væska han får i seg.

– Ein får litt sjokk når ein kjem hit. Det er ikkje bra å slite med luftvegane. Masse fuktigheit er nøkkelen for å forhindre betenning og heving i halsen, seier Kjus.

Tungt å trene i så tynn luft

Kristoffersen tyner lungene i Aspen, to timar unna Beaver Creek, i håp om å kunne ta medalje i slalåm.

– Eg må vere veldig påpasseleg her. Det er tungt å trene i så tynn luft kvar dag, seir Kristoffersen.

– Kva er ambisjonen din?

– For å vere heilt ærleg er eg veldig avslappa. For meg er verdscupen viktigare i år. Det er viktigare for meg å køyre bra i alle verdscuprenn og dårleg i VM enn motsett, seier 20-åringen, som blei nummer sju i siste renn før

– Kvifor?

– Skal ein komme vidare kan ein ikkje bare vere god i eitt renn. Ein må vere god over heil sesong.

  • Henrik Kristoffersen stiller i storslalåm fredag og slalåm søndag denne veka. Begge renna kan du sjå på NRK.

Siste nytt

  • Ajeti-mål i Allsvenskan

    Bajram Ajeti scoret for Brommapojkarna da de tapte 1–3 mot Malmö FF i et oppgjør i Allsvenskan mandag. Det er nordmannens andre mål denne sesongen.

    Ajetis lag ligger nest sist etter én seier på de fem første kampene.

    Bajram Ajeti
    Foto: Lillestrøm Sportsklubb
  • Seriemeister etter anke-avslag

    AEK er gresk seriemeister etter at PAOK i dag tapte anken etter banestorminga i mars.

    PAOK blei trekt 3 poeng etter at klubbeigaren demonstrerte mot ei dommaravgjerd ved å storme bana med ein pistol.

    No blir poengstraffa ståande, og AEK har 8 poengs leiing på PAOK med to kampar att.

    Ivan Savvides, PAOK-eier
    Foto: HANDOUT / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag
Mesterligaen: Semifinale Liverpool - Roma