– Han aukar, det er heilt rått. Me har verdas beste slalåmkøyrar! seier kommentator Andreas Toft i det Kristoffersen køyrer inn i mål.
Henrik Kristoffersen køyrde ein forrykande fyrste omgang og ville ikkje vere dårlegare i den andre omgangen. Leiinga på over sekundet frå fyrste omgang blei auka til 1,25 til slutt i mål. Slalåmkongen Marcel Hirscher klarte aldri å ta noko igjen på forspranget hans.
I dag var fenomenet frå Rælingen heller ikkje like nervøs som han brukar
LES SAKA: Kristoffersen: – Jeg spyr før start
– I dag gledde eg meg berre til å køyre andre omgang. Det er så morsomt å køyre på ski om dagen, gliser Kristoffersen.
Har vunne åtte av 13 renn
Kristoffersen blir dermed den fyrste som vinner dei to fyrste slalåmrenna i ein sesong på ni år. Sistemann var den austerriske veteranen Reinfried Herbst.
– De er vitne til alpinhistorie. Me har verdas beste alpinlag. Noreg herjar for tida, seier kommentator Toft og siktar til dei åtte sigrane Noreg har tatt på 13 renn til nå i sesongen.
Henrik Kristoffersen vinner sin andre siger for året og leiar slalåmcupen suverent. Han er også på fjerdeplass i totalcupen bak Aksel Lund Svindal, Marcel Hirscher og Kjetil Jansrud.
Etter rennet var Kristoffersen mest oppteken av å kome seg heim på juleferie.
– Nå blir det godt å kome heim til mor nokre dagar. Da håpar eg å få heale leggen og hofta litt, seier 21-åringen.
Men sigeren kom i skuggen av eit vanvittig drama da Marcel Hirscher køyrde ned på startnummeret før. Midt i løpet dett ei drone rett ned bak ryggen til austerrikaren.