– Det er fortsatt bare eit sykkelløp. Ting står litt meir i perspektiv etter kvart som tida går. Det er lov å gjøre feil, og det blei gjort feil. Det nyttar ikkje å dvele ved dette, seier Alexander Kristoff, som er klar for å gå vidare etter feiden med Edvald Boasson Hagen i VM.
Kristoff fortel at han ikkje lenger føler samme frustrasjon som då han ga Boasson Hagen det glatte lag for å ikkje følge spurtplanen i VM.
Katusha-kapteinen er no innstilt på å løyse ein potensiell VM-plan med Edvald Boasson Hagen før sykkelløpet i Bergen neste år.
– Vi må bare sjå framover. Neste år er det VM på heimebane i Bergen. Då blir det ekstra viktig å følge taktikken og gjøre det vi skal, seier Kristoff.
Ikkje personleg møte før sesongstart
Landslagssjef Stig Kristiansen har kalla inn til det andre forsoningsmøtet etter VM i Doha.
– Det vil skje før sesongstart neste år, men eg og Edvald reiser nok som det er i sesong, så vi vil nok ta møtet på Skype, seier Kristoff.
Foreslår ekstra samling
Kristoff, som dei siste åra har oppnådd store internasjonale triumfar i Tour de France, Flandern Rundt og Milan-Sanremo meiner det er uaktuelt å droppe VM i Bergen uansett kva rolle han får, og trur både han og Edvald vil komme fram til ein avtale som begge er villige til å følge.
Han avviser at det er ein for stor risiko å ha dei to saman på lag.
– Norge har ikkje så mange klasseryttarar at det er mogleg å vrake både meg og Edvald. Vi må bare finne ein måte å løyse dette på. I 2015 gjekk det ikkje bra og i år gjekk det heller ikkje vegen, så vi får bare håpe at alle gode ting er tre, seier Kristoff spøkefullt.
– Rollane er ikkje klare enno. Det er lenge igjen, men landslagsleiinga må vurdere våre kvaliteter. Bergen-VM blir eit opent løp, som passar begge to, seier Kristoff, som på ingen måte utelukkar at løypa er for vanskeleg for han.
Lagkamerat Sven Erik Bystrøm meiner Stig Kristiansen må tenke alternative løysingar for å sikre seg at partane samarbeider.
– Det gjeld å ha god dialog. Kanskje vi også må ha ei ekstra samling før VM for å få alle til å forstå nøyaktig kva som er planen, seier Bystrøm.
Men sjølv om 29-åringen ser framover er han ikkje sikker på om han nokon gang kjem heilt over at det ikkje blei VM-suksess i Qatar.
– Kjem du nokon gang over den episoden?
– Eg håper det. Eg har innsett at eg ikkje køyrer med VM-trøya neste sesong, så det gjeld bare å jobbe mot VM i Bergen, som eg er veldig motivert for, seier Kristoff.