Kristoff vann superduellen - men Boasson Hagen blei sperra

Alexander Kristoff gjekk sigrande ut i ein superduell mot Edvald Boasson Hagen på den fyrste etappen av Arctic Race of Norway. Men Boasson Hagen fekk ein lite hyggeleg avslutning på spurten.

Kristoff seier

NY SIGER: Alexander Kristoff tok sin 19 internasjonale siger då han vann den fyrste etappen av Arctic Tour of Norway.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Endeleg var det tid for dei kanskje mest spektakulære TV-bileta frå sykkelverda. For tredje år på rad opna Arctic Race of Norway, og denne gongen var rittet tilbake der Thor Hushovd blei tidenes fyrste samanlagtvinnar i 2013 – i Harstad.

Fem norske i brot

dagens 210 kilometer lange etappe fekk sju mann tidleg fleire minutt på hovudfeltet. I brotet var fem av sju nordmenn, Håvard Blikra, Jon Breivold, Marius Hafsås, Vegard Stake Laengen og Max Emil Korner.

Men som så ofte før blir brotet spist opp berre nokre kilometer før mål, sett bort i frå eit heroisk soloforsøk frå Vegard Stake Laengen. 26-åringen frå Asker får det litt for tøft og plutseleg er hovudfeltet der.

.

Kristoff under Arctic

I HOVUDFELTET: Lagkamerat Sven Erik Bystrøm passa godt på Katusja-kaptein Alexander Kristoff på den fyrste etappen med start og mål på Harstad.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Som venta blir det massespurt, og då er det duka for ein superduell for våre to største ryttarar. Alexander Kristoff får god hjelp frå sine hjelperyttarar. Sven Erik Bystrøm sender han opp i god posisjon før den tunge spurten i Harstad sentrum. Marco Haller tek han vidare og hjelper kapteinen kanskje litt for mykje i avslutninga.

For MTN-Quebeka klarer også å få Edvald Boasson Hagen fram i tet mot slutten. 28-åringen kjem i ein kanonfart mot slutten og er oppe på sida av Kristoff, men der blir han tydeleg sperra av Haller.

– Ein del av gamet

I intervju med TV2 rett etter målgang antyda også Boasson Hagen at han blei pressa mot slutten.

– Du kan jo sjå på TV-bileta, eg har ikkje sett dei. Hadde eg hatt ein mann til kunne det kanskje gått, men det blei vanskeleg mot slutten, seier han til TV-kanalen.

Kristoff sjølv merka også at lagkameraten hadde ein fight mot landsmannen i spurten.

– Eg merka dei pressa kvarandre litt mot slutten. Det såg ut som Edvald dytta Marco (Haller,red.merk) til slutt og at dei krangla litt. Men det er ein del av gamet, opptrekkarane prøvar jo å sperre så godt dei kan etter at dei har gjort jobben sin, seier Kristoff til TV2 etter målgang.

Sam Bennett tok tredjeplassen bak dei to norske. Sondre Holst Enger som prøvde seg i starten av finalen endte til slutt som nummer 10 og var neste nordmann på resultatlista.

.

Siste nytt

  • Levanger nede – Mjøndalen snubla

    Levanger tapte 0-1 for Florø og er klar for nedrykk frå 1. divisjon, tre rundar før slutt. Florø er berre målskilnaden bak Notodden på kvalikplass.

    Mjøndalen tok teten, trass i berre 1-1 mot Jerv. Aalesund kan ta toppen tilbake med siger i toppkampen mot Viking tysdag. Her er tabellen.

  • Sterk spurt gav Everton-siger

    Everton slo Crystal Palace og tok sin tredje strake siger i Premier League. Begge måla kom i kampens tre siste ordinære minutt, ved innbytarane Dominic Calvert-Lewin og Cenk Tosun.

    Tidleg i andre omgang redda keeper Jordan Pickford straffe.

    Jordan Pickford
    Foto: CARL RECINE / Reuters
  • Ti mål på ni kamper for Hegerberg

    Ada Hegerberg fastsatte sluttresultatet til 3-0 mot Bordeaux søndag. Seieren er Lyons sjuende strake i serien. Hegerberg har spilt seks av kampene og scoret sju mål. I tillegg har den norske spissen tre scoringer på tre kamper i mesterligaen.

    SOCCER-CHAMPIONS/WOMEN
    Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien: Stabæk - Brann