NRK Meny
Normal

Kristoff vann igjen: – Kunne cruise inn til siger

Alexander Kristoff vann også den andre etappen i årets Tour of Norway torsdag. – I dag fungerte det mykje betre enn i går, sa han.

Innspurt Tour of Norway

Alexander Kristoff har vunne begge dei to første etappene i årets Tour of Norway

Foto: TV2

Dermed har han vunne begge dei to første etappene i rittet, og leier samanlagt med åtte sekund på Caleb Ewan.

Etappen torsdag enda i massespurt i målområdet i Langesund, og Kristoff viste igjen at han kan slå alle i ein slik situasjon.

– Det var eit bra lagarbeid inn mot oppløpet. Opptrekket var veldig bra, og eg kunne cruise inn til siger, sa Kristoff til NRK.

Lettare i dag

Han meinte det var lettare i går enn i dag. I går meinte han at laget hans ikkje hadde kontroll .

– Ja, vi hadde betre kontroll i dag. Vi hadde fleire mann framme og kontrollerte, sjølv om det kom fleire lag som også viste at dei har ambisjonar, seier Kristoff.

Edvald Boasson Hagen enda på niandeplass. Han lar seg imponere over Kristoffs enorme styrke.

– Det er enormt sterkt. Eg har slutta å seie at eg er imponert, for han vinn heile tida. Det er utruleg sterkt det han gjer, sa Edvald Boasson Hagen til NRK rett etter målgang.

Innkøyrt på Brevikbrua

Fleire ryttarar gjekk i tidleg brot, og hadde ei leiing på over tre minutt. Dei vart ikkje innkøyrde før seks kilometer før mål, midt på Brevikbrua.

Sigeren var Kristoffs 13. i år, det same som Mark Cavendish har. Det var hans sjuande i Tour of Norway totalt. I fjor varr Kristoff 14 sigrar i løpet av heile sesongen.

– Målet før sesongen var minst 14 i år og. No trur eg det kan vere mogeleg å nærme seg 20, seier Kristoff.

Australske Caleb Ewan vart nummer to og Anrew Fenn frå Storbritannia tre.

Danegsn 195 kilometer lange etappe gjekk frå Drammen til Langesund. Fredagens etappe går frå Skien til Rjukan, då er det meir klatring. Rittet bli avslutta på Eggemoen søndag.

– Det var raskt og hektisk i spurten, og eg greidde ikkje å kome lenger fram, sa Edvald Boasson Hagen. Han låg lenge bra an, men makta ikkje å henge med heilt inn.

– Det var ikkje ein spurt som favoriserte meg, seier han.

Siste nytt

  • Linnes sin trener fikk sparken

    Martin Linnes sin trener i tyrkiske Galatasaray, Igor Tudor, har fått sparken. Tudor var nordmannens 4. trener i Tyrkia. Linnes sa tidligere i år til Glåmdalen at han følte seg verdsatt av Tudor, og har regelmessig fått tillit på backen.

    Pressetreff før Norge - Nord Irland
    Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix
  • Vålerenga henter Malmö-midtstopper

    Uruguayaneren Felipe Carvalho har signert en ettårskontrakt med Vålerenga. 24-åringen kommer fra svenske Malmö. Det bekrefter Vålerenga på sitt nettsted mandag.

    Carvalho
    Foto: Jonas Ekströmer/tt / NTB scanpix
  • Diatta nominert til pris

    Sarpsborg 08-stjerneskuddet Krépin Diatta (18) er nominert til prisen som «Årets unge spiller fra Afrika» av Det afrikanske fotballforbundet (CAF), skriver NTB. I 2016 var det Arsenals nigerianske landslagsspiller Alex Iwobi (21) som vant prisen.

    NM menn, 4. runde. Sarpsborg 08 - Odd
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup alpint: Parallellstorslalåm, menn