NRK Meny
Normal

Kristoff trur ikkje på NM-siger

STAVANGER (NRK): Alexander Kristoff meiner NM-arrangørane har gjort det vanskeleg for han å bli noregsmeister igjen. – Løypa er ikkje laga for meg, seier Kristoff.

Alexander Kristoff

HARD LØYPE: Alexander Kristoff trur det blir for tøft å henge med under NM-fellesstarten på Lillehammer søndag.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Alexander Kristoff blei far for han andre gong denne veka. Men etter eit par rolege dagar heime i Stavanger verkar han å vere klar for NM-fellesstarten på Lillehammer på søndag.

– Viss alt går bra med dei (kona og det nyfødde barnet), så blir eg med i NM, seier Kristoff til NRK.

Tydeleg fornøgd over timinga på fødselen.

– Det er fint å få roa før det brakar laus. Det ville vore tøft å sykle Tour de France om eg ikkje hadde fått sett sonen min før den tid.

For mykje stigning

I Frankrike kjem Alexander Kristoff til å bli mannen alle fryktar på spurtetappene. På søndag kan han sikre seg den norske meisterskapstrøya. Men under noregsmeisterskapet på Lillehammer trur han ikkje han er like stor favoritt.

– Eg hadde jo håpa dei hadde laga løypa litt betre for meg. No spørs det. Løypa er ganske hard med to kilometer med ni kilometer stigning. På papiret er den for hard for meg.

LES SAKA: – Man of the day? He's the man of the year

Men denne sesongens store syklist med heile 18 sigrar innrømmer at det freistar å spurte i dei norske fargene i Frankrike i juli.

– Ja, ein veit aldri. Mykje kan skje i eit NM. Det kan bli mykje taktikk som spelar i mitt favør.

Kristoff trur løypa passar betre for ein mann som nok er lysten på nok ein NM-triumf på heimebane.

– Den passar vel OK for Edvald. Han er på heimebane og vil køyre bra. Eg ser på han som den store favoritten. seier Kristoff.

LES SAKA: Boasson Hagen blei historisk

Ørn

INGEN FAVORITT: Trenar Stein Ørn trur eleven skal få det tungt med å ta NM-gullet på Lillehammer.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Trenar Stein Ørn trur NM-løypa er designa for heimebanesiger på Lillehammer. Men det synest han er heilt greitt.

– Det er heilt greit at den er laga sånn. NM skal lagast slik at den favoriserast ryttarar som kjem frå området. Alexander er nok ikkje favoritt på søndag. Den bakken er designa for at han ikkje skal vinne, meiner Ørn som ikkje legger nokre føringar på kor hardt han skal køyre veka før Tour de France startar i nederlandske Utrecht.

LES SAKA: – Kan ryke ut av Tour de France

– Alexander kan køyre akkurat så hardt som han vil. Me er ikkje redde for at han skal køyre for hardt under NM med tanke på Tour de France.

Siste nytt

  • Italia vinner i Norges gruppe

    Italia slo Finland 1–0 i Norges gruppe i G19-EM. Det norske u-landslaget i fotball, tapte 1–3 tidligere i dag mot Portugal. Dermed blir kampen mellom de to nordiske lagene helt avgjørende for begge. Finland-Norge spilles på søndag.

  • Irans kvinner får se fotball

    Irans president Hassan Rouhani har fjernet forbudet som nekter kvinner å gå på fotballkamper i landet, melder nyhetsbyrået ISNA.

    Forbudet har vart siden den islamske revolusjonen i 1979.

    Vokterrådet har tidligere avslått forslag om fjerningen av forbudet.

    Iranske kvinner ser fotball
    Foto: STRINGER / AFP
  • FCK opna med tap

    Ståle Solbakkens FC København tapte 1-2 for Horsens heime i Parken i den danske serieopninga. Horsens leia 2-0 før Rasmus Falk reduserte fem minutt før slutt.

    Det er Horsens' første bortesiger over FCK i serien, etter 11 tap og ein uavgjort tidlegare.

    Ståle Solbakken
    Foto: Mads Claus Rasmussen / Scanpix Denmark / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal