Kristoff slo Cavendish med knappast mogleg margin dagen etter at han blei nummer fem i sesongstarten i Tour of Qatar.
Triumfen er sesongens første for Norges største sykkelstjerne.
Tweeten under viser kor tett spurtduellen mellom Cavendish og Kristoff var:
28-åringen viste at formen og fokuset er på plass trass i at sesongstarten har blitt prega av dopingsaka til lagkamerat Eduard Vorganov, som potensielt kan øydelegge for Kristoffs vårsesong.
Usikker på om han kom først
Dopingsaka kan føre til at heile Katjusja blir suspendert frå ritt i mellom 15 til 45 dagar.
Men i dag handla det om massespurt for Kristoff.
– Cavendish kom heilt opp på sida av meg. Eg veit ikkje heilt om eg var først, men eg hadde ein liten følelse av at eg var ein centimeter framfor, seier Kristoff til TV2.
– Det var ein tyngre spurt i dag. Eg er ein litt sterkare ryttertype enn Cavendish. Han er raskare. Det var ein sugande spurt, og det er til min fordel, seier Kristoff til TV2.
I rute til ny kanonstart
I fjor vann Kristoff tre av fem etappar i Tour of Qatar. Tre etappar gjenstår av årets ritt.
I massespurten var også Cavendish-hjelpar Edvald Boasson Hagen, som trilla inn til femteplass.
Seinare i år er det VM i same type løype i Qatar.