– Nei, det var litt mykje vind. Og drakta er altfor stor, den blafrar som berre det. Eg merka det heile dagen sjølv om eg prøvde å bruke sikkerheitsnåler, sa Kristoff til TV2 rett etter målgang.
– Blir vanskeleg samanlagt
Sjølv om han meinte trøya kan vere ein del av årsaka til at han ikkje vann spurten, var det meir enn det som ikkje gjekk hans veg under avslutninga.
– Eg kom litt for langt bak og blei litt sperra, då blei det litt for trongt. Marco Haller (opptrekkar,red.merk) stoppa litt opp då kom eg ikkje forbi han og det blei litt for seint, sa Katusja-ryttaren
– Men i morgon skal eg ha XS og ikkje medium, sa han med eit smil til TV2.
Utan etappesiger i dag, kan det bli vanskeleg for nordmannen og vinne samanlagt.
– Eg forventar ikkje å vinne samanlagt no. Det blir tøft. Men eg følte meg ganske bra i dag, men nyttar ikkje når ein bremsar på oppløpet.
Har framleis leiartrøya
Irske Sam Bennett som i går blei nummer tre vann den andre etappen av rittet. Men etter å ha tatt ein del bonussekund undervegs i etappen, kan Alexander Kristoff framleis kalle seg samanlagtleiar etter å ha blitt nummer tre i dag.
Han leiar rittet med eitt fattig sekund på irske Bennett. Edvald Boasson Hagen er nummer tre.
Han klarte ikkje å kome seg fram på slutten og fortel om ein vanskeleg spurt.
– Det var veldig kaotisk. Laget gjorde ein kjempegod jobb dei siste kilometrane. Men då den siste kilometren kom alle bakfrå, då blei det fullt kaos. Eg hamna litt for langt bak og kom meg ikkje fram på slutten, sa han til NRK etter målgang.
Den 162,5 kilometer lange etappen gjekk frå Evenskjer til militærbygda Setermoen i Bardu kommune.