– Det var nærme! Me gjorde ein god jobb, men me får ikkje gjort so mykje med det.
Det seier Alexander Kristoff til TV 2 rett etter målgang.
Og det var lite å gjere med Mark Cavendish i dag. Spurtkongen kunne strekke fire fingrar opp i lufta etter målgang, for å symbolisere sine fire sigrar so langt i Touren.
– Han er rett og slett spurtkongen. Me køyrde so bra som me kunne, og får det nesten til, seier Kristoff.
Tett spurt
Alle dei store spurtkanonene var med då spurten gjekk. Først ut gjekk Marcel Kittel, som ga opp etter å nesten ha kollidert med Cavendish, han slo oppgitt ut med armane før han trilla over målstreken.
Cavendish blei hardt pressa, men holdt grei avstand ned til Kristoff, Peter Sagan og John Degenkolb, som tok dei fire fremste plassane. Kittel endte på femte.
Cavendish' lagkamerat Edvald Boasson Hagen, var viktig i opptrekket av briten, og lovprisa spurtkongen etter målgang.
– Det er heilt rått. Han leverer nok ein gong. Han køyrde kontrollert i heile dag, og på slutten var heile laget i front og kontrollerte. Det var veldig kaotisk, men me var godt posisjonert foran, seier Boasson Hagen til TV 2.
Og Cavendish, som no har 30 sigrar i Tour de France, er full av lovord attende.
– Me visste me måtte vere heilt fremst når det tetna til. Edvald passa på at me var der, og fekk oss gjennom, sa Cavendish etter målgang.
– Han klarar betre
Men det tok litt tid før Cavendish gav sigersintervjuet. Juryen måtte sjå på hendinga mellom han og Kittel i spurten. Dei fann ikkje noko gale, utan at Kittel er særleg imponert av måten Cavendish oppførte seg.
– Han kan betre enn det.
Kittel ville ikkje legge seg opp i kva juryen bestemte, men var tydeleg misfornøgd.
– Det er ikkje opp til meg å bestemme kva som skjer, men det var ikkje bra for meg.
Cavendish sjølv meiner at han var framom Kittel, og hadde større fart i det hendinga skjedde.
– Det var ikkje noko gale der, eg var framfor. Eg trur han berre er frustrert.
Tidleg brot
Etter 33 kilomter kom fire mann seg vekk frå hovudfeltet. Dei fekk aldri den nødvendige luka, og houvdfeltet hadde god kontroll på utbrytarane.
Dermed var det duka for massespurt, og Alexander Kristoff fekk nok ein sjanse til å ta ein etappesiger i årets Tour de France.
No er det ikkje mange etappar igjen der spurtarane kan hevde seg i årets Tour. Måndagens etappe til Bern, og avslutningsetappen til Paris er dei to sjansane Kristoff har til å ta sin tredje etappesiger.