– Det er tragisk. Det skal ikkje skje, seier Kristoff, som gjør seg klar for NM i Bodø søndag.
«Stig responderer dessverre ikkje på verken lyd eller rørsle. Legane bekreftar at han har fått alvorlege hjerneskadar», melder laget hans, Lotto-Soudal i ei pressemelding.
Broeckx gjekk ned i ein massevelt under Belgia rundt i slutten av mai, og har lagt i koma sidan. Velten skjedde etter at to motorsyklar køyrde inn i kvarandre og drog med seg 20 ryttarar i bakken.
– Det kan også skje i Tour de France. Det er smale vegar og mykje folk. Ting skjer heile vegen, seier Kristoff, som påpeiker at han ikkje føler seg utrygg sjølv om det har vore fleire ulukker med ryttarar og motorsyklar involvert denne sesongen.
Kristoff vil ha fleire motorsyklar i feltet
Debatten har rasa om sikkerheiten i feltet. På siste styremøte i Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) blei det konkludert med at meir kursing av motorsyklistar var løysinga.
Kritiske røster har krevd at talet på motorsyklar må ned. Kristoff meiner fleire motorsyklar kan forhindre stygge ulukker som fører til dødsfall eller hjerneskader.
– Motorsyklane som er ansvarlege for sikkerheita og som skal peike ut hindringar har ganske stramt tidsskjema. I dag må motorsyklane raskt forbi feltet på smale vegar for å markere nye punkt, seier Kristoff.
– Med fleire motorsyklar hadde dei fått bedre tid til å gjøre dette. I tillegg hadde dei ikkje trengt å ta dei sjansane dei gjør på smale vegar i dag, legg han til.
- Les også:
Likande tilstand som Michael Schumacher
Vidare i pressemeldinga frå Lotto-Soudal står det at legane prøver å vekka Broeckx frå koma, men at han er i ein vegetativ tilstand, som betyr at han er vaken, men ikkje bevisst (sjå faktaboks).
Tilstanden til Broeckx er liknande den Michael Schumacher fekk, etter den alvorlege skiulykka i romjula 2013.
Norske Kristoffer Skjerping og Vegard Breen var også med i rittet. Skjerping gjekk i bakken, medan Breen klarte å halda seg på sykkelen. I etterkant av rittet var Skjerping ekstremt kritisk til korleis motorsyklane oppfører seg i feltet.
– Vi ser heilt sinnssjuke ting, sa Skjerping til NRK.
- Les også: