Forbanna Kristoff nummer åtte i VM

Alexander Kristoff var tydeleg forbanna etter å ha passert målstreken i VM. Nordmannen var nær ved å kunne spurte om gullet.

Alexander Kristoff

FORBANNA: Alexander Kristoff. Her før VM-start i dag.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Resultatet er bra, men eg trudde eg skulle vinne på slutten. Vi klarte ikkje å ta igjen utbrytarane, og då blei eg skuffa. Det gjekk for raskt, seier Kristoff til Viasat.

Kwiatkowski

VM-VINNAREN: Michal Kwiatkowski frå Polen.

Foto: JAVIER SORIANO / Afp

Kristoff var den største norske favoritten før VM-start i Ponferrada, Spania.

Men 27-åringen var ikkje langt nok framme til å tukte polske Michal Kwiatkowski. 24-åringen var aleine i tet eit par kilometer før mål.

Polakken holdt heilt inn, og kunne trille over målstreken i einsam majestet - sju sekund framfor Kristoff.

Vann spurten i hovudfeltet

Kristoff, som var Norges kaptein, vann spurten i feltet som kom inn bak Kwiatkowski.

– Eg var nok sterkast av spurtarane i hovudfeltet, men det nyttar ikkje når eg ikkje får førsteplass, seier Kristoff, som var tydeleg frustrert over å ikkje kunne spurte om gullet med Kwiatkowski.

Trass i sterk sykling følte ikkje 27-åringen at formen var på topp.

– Eg følte meg aldri super, men så gjekk det ikkje i full fart før siste stigning. Då gjekk det som eg frykta, at ei gruppe kom av gårde og at vi ikkje klarte å tette igjen, seier Kristoff.

Nordhaug og Boasson ikkje sterke nok til å køyre for eigne sjansar

Lars Petter Nordhaug og Edvald Boasson Hagen utgjorde resten av det norske laget. Dei hang også godt med i hovudfeltet på sisterunden, men merka sjølv at dei ikkje ville ha nok krefter i beina til å kjempe for medaljar.

Begge gjekk i staden for å hjelpe Kristoff.

– Det var ein veldig tøff dag. Det blei køyrt hardt heile dagen. Mot slutten skjønte vi at Alexander hadde den største sjansen. Då køyrte vi for han. Eg køyrte det eg kunne ned siste bakken og Edvald køyrte det han kunne på flaten, men det holdt ikkje, seier Nordhaug.

– Vi kunne ikkje gjort noko annleis. Alexander Kristoff var mannen for denne løypa. Vi andre hadde ikkje bein til å følge den gruppa som gjekk frå feltet på slutten. Då måtte vi bare køyre for Alex, seier Nordhaug.

Boasson Hagen enda på 28. plass. Nordhaug trilla over streken som nummer 37.

Går for gull i 2015

Neste år er det VM i Richmond, USA. Der skal verdseliten ut i ei løype som Kristoff liker godt. 2015 blir året der spurtkanona frå Norge skal gå for gull.

– Eg håpar det vil gå. Vi klarte det ikkje denne gangen. Eg hadde ikkje trudd at eg skulle klare det heller, så sånn sett var eg i bedre slag enn eg tenkte på førehand, seier Kristoff.

Siste nytt

  • Raudt kort til Svensson

    AZ Alkmaars Jonas Svensson blei utvist etter berre 28 minutt i AZs europaligakamp motPartizan Beograd. Men AZ leia kampen 1-0.

    Svensson var berre ein av mange nordmenn på bana eller benken i europaligaen i kveld. 10 norske spelarar var i troppen til utanlandske klubbar.

    Jonas Svensson rødt kort
    Foto: Marko Djurica / Reuters
  • Narvik med historisk seier

    Narvik vant sin første kamp i eliteserien i ishockey noensinne da Stjernen ble slått 2-0 torsdag.

    De satte inn 1-0 fem minutter før slutt. Wade Murphy scoret på pasning fra Viktor Jornevik. Seinere økte hjemmelaget til 2-0. (NTB)

    Narvik har en seier og to tap.

    I kveldens andre kamp tok Frisk Asker sin andre strake seier med 2-1 over Manglerud Star.

    Narvik Arctic Eagles og Ringerike Panthers
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Klar siger for Arsenal

    Arsenal slo Eintracht Frankfurt 3-0 borte i sin første europaligakamp.Joe Wilock scora før pause, Bukayo Saka og Pierre-Emerick Aubameyang heilt mot slutten, etter at Eintrachts Dominik Kohr vart utvist.

    Celtic greidde 1-1 borte mot Rennes, men fekk Bayo utvist i dei siste minutta.

    I Rosenborgs gruppe slo PSV Eindhoven Sporting 3-2.

    FC København opna turneringa med 1-0 over Lugano.

    Pierre-Emerick Aubameyang
    Foto: Michael Probst / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal