Normal

Kristoff ber motorsyklistane ta omvegar etter dødsulukke

Den norske sykkelstjerna krev endringar i feltet etter at Antoine Demoitié blei overkøyrt i Gent-Wevelgem i helga.

kristoff forkjølet

RYSTA: Katusha-rytter Alexander Kristoff.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Det er trist for sykkelsporten. Det var verkeleg ikkje det Belgia trengte no. Demoitié var sjanselaus, seier Katusha-rytter Alexander Kristoff før tredagarsrittet De Panne i Belgia.

– Det får deg til å tenke på kva du held på med, seier Kristoff til NRK.

Dødsfallet til den unge syklisten Antoine Demoitié (25) har skapt sjokkreaksjonar i sykkelmiljøet. 25-åringen blei overkøyrt av ein motorsykkel under brusteinsrittet Gent-Wevelgem, der norske Edvald Boasson Hagen også deltok.

– Spesielt problematisk i Belgia

Kristoff meiner rittarangørane no må finne fleire alternative vegar for mange av motorsyklane i feltet.

– Det gjeld spesielt her i Belgia. Det er så mange trange vegar at det blir veldig vanskeleg for motorsyklar å passere i feltet, seier Kristoff.

– Men det finst mange omvegar dei kan ta. Det er mogleg å legge fleire alternative løyper for motorsyklane, legg han til.

– Hender det at du føler deg utrygg?

– Det hender rett som det er. Det er ofte farlege situasjonar. Spesielt når motorsyklar skal passere, seier Kristoff.

Demoité

DØD: Antoine Demoitié døydde etter å ha blitt overkøyrt av ein motorsyklist under Gent-Wevelgem i helga.

Har sett motorsyklistar ta store sjansar

Nasjonal MC-kommisær i Norge, Jon Olav Ødegaard, meiner talet på motorsyklar i dei store ritta no er for høgt.

– Rittleiingane bør tenke seg om og sette ein standard for kor mange som får vere med og formidle rittet, seier Ødegaard til NRK.

– Syklistane har masse å tenke på. Det er ofte masse publikum i løypa, som enkelte gangar er skuld i velt. Syklistane skal posisjonere seg i konkurransen, hente flasker og passere rundkøyringar. Når dei i tillegg må forhalde seg til mange TV-motorsyklar kan det skje endå meir, seier Ødegaard.

– Tar motorsyklistane nokre gangar for store sjansar for å få dei gode bileta?

– Det blir feil å seie at det ikkje har skjedd, seier Ødegaard.

– Det påverkar oss

UCI-motorsyklisten meiner at meir kursing av motorsyklistane også er vegen å gå.

– Fleire motorsyklistar må kursast i det å vite korleis ein syklist opererer og tenker. Dette gjeld spesielt dei som køyrer tett på feltet, seier Ødegaard.

– Korleis påverkar desse ulukkene motorsyklistane?

– Det er klart det påverkar oss. Det får deg til å tenke når du er ute og køyrer. No er spørsmålet kva vi motorsyklistar kan gjøre for å betre tryggleiken i sykkelritt, seier Ødegaard.

Jon Olav Ødegaard

VIL HA FÆRRE MOTORSYKLAR: MC-kommisær Jon Olav Ødegaard.

Foto: Stig Øystein Schmidt

Siste nytt

  • Storhamar-seier i toppkampen

    Etter en målløs åpningsperiode eksploderte det i storkampen mellom Storhamar og Vålerenga i ishockey torsdag. I sudden death ga Joel Johansson vertene 5-4. Dermed satte forrige sesongs dobbeltmester en stopper for Vålerengas perfekte seriestart.

    Eliteserien ishockey, menn: Storhamar - Stavanger Oilers 1 - 2
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Kalla dropper Tour de Ski

    Charlotte Kalla har VM i Seefeld som sitt naturlige hovedmål til vinteren. Hun dropper derfor Tour de Ski og rene sprinthelger.

    – I de periodene vil jeg heller trene, sier Kalla til TT.

    Charlotte Kalla
    Foto: Ned Alley / NTB scanpix
  • Brann uten førstekeeperen

    Brann-målvakt Samuel Sahin-Radlinger må opereres. Han går dermed glipp av tre viktige seriekamper i gullinnspurten i Eliteserien. Det er noen løse fragmenter i kneet som skal fjernes, ifølge BA. 19 år gamle Markus Olsen Pettersen får sjansen istedet.

    Samuel Sahin-Radlinger
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal