Hopp til innhold

Kristina (26) forbløffar: – Når eg klatrar tenkjer eg ikkje på at eg har ein arm

STAVANGER (NRK): Kristina Berg klatrar like tøffe ruter som funksjonsfriske, med berre ein velfungerande arm.

Kristina Berg er para-klatrar

Kristina Berg prøvar seg også på buldring i treninga mot den vanlege klatringa.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Sjå for deg ein 17 meter høg klatrevegg. I den veggen skal du rett opp, men du kan berre bruke ei hand.

Umogleg tenkjer kanskje du. Ikkje for Kristina Berg.

– I og med at eg berre har ein arm, har eg måtte vere tolmodig gjennom heile livet. Det hjelper ikkje å bli frustrert om ein ikkje får det til.

Sjå heile reportasjen om Kristina Berg frå Sportsrevyen her.

Har dysmeli

Som 12-åring tok faren ho med til klatrehallen i Lyngdal for fyrste gong. At Kristina hadde dysmeli (medfødd tilstand som gjer at armar og/eller bein ikkje har utvikla som vanleg) hindra ho ikkje å prøve ein av idrettane der ein kanskje er mest avhengig av godt grep.

– Når eg klatrar tenkjer eg ikkje mykje på at eg har ein arm. Det er klatringa i seg sjølv som er interessant.

Ho er på trening i klatrehallen i Sørmarka arena i Stavanger. Der har klubben Bratte Rogalands venner lager ruter som skal vere tilpassa para-klatrarar som Kristina.

Men det har vist seg å ikkje vere nok.

Kristina Berg er para-klatrar. Her i Sørmarka arena i Stavanger.

Nesten kvar kveld er 26-åringen frå Lyngdal i klatrehallen. Ho trenar alltid med funksjonsfriske som også satsar på konkurranseklatring.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Klatrerutene blir for lette

– Ho har blitt såpass sterk at dei blir for lette. Så da går ho på ruter som er tilpassa vanlege klatrarar. Ho knuser på dei også, seier trenar Kjetil Dalseth og legg til:

– Det er sinnssjukt inspirerande. Det er aldri snakk om at ting ikkje går, det er berre rett på med ein gong.

Dei siste seks åra har 26-åringen satsa hardt på klatringa. Men i Noreg har det ikkje vore eit konkurransemiljø for para-klatring. VM har blitt arrangert kvart år sidan 2011 og har mellom anna blitt heldt i Paris to av gongene.

Kristina Berg er para-klatrar. Her i Sørmarka arena i Stavanger.

I tillegg til satsinga som konkurranseklatrar, er Kristina instruktør for andre para-klatrarar kvar veke i Sørmarka arena. Ho synest det er svært viktig at fleire med funksjonshemming får prøve klatring.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Kristina tok for eit par år sidan kontakt med klatreforbundet for å høyre om ho kunne delta i VM. Det hadde ikkje vore nokon nordiske deltakarar året før og Kristina trudde det var positivt om Noreg endeleg kunne sende ein deltakar.

Blei historisk i desember

Sidan det aldri hadde vore NM i para-klatring gjekk det ikkje den gongen. Likevel skjedde det noko. I desember i fjor blei det for aller fyrste gong arrangert NM for paraklatrarar.

Kristina Berg tok sølv, men sidan det ikkje var klasseinndeling etter handikap følte ho medaljen var god som gull. I mai reiser ho til Austerrike for å konkurrere utanlands for fyrste gong.

Nå verkar VM-draumen langt meir realistisk.

– Målet mitt er eigentleg å bli betre og betre. Har lyst til å konkurrere meir og siktar jo mot eit VM, smiler ho som i så fall blir Noregs fyrste deltakar i VM i para-klatring.

Sjå heile reportasjen om Kristina Berg frå Sportsrevyen her.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal