– Det er mykje eg kunne tenke meg å jobbe med. Eg har bakgrunn i norsk idrett der eg har jobba med jus og kvinner i idretten, for å nemne eit par ting. Derfor gler eg meg til å ta fatt der eg trur eg kan bidra, seier Aasen til NRK på telefonen frå Lima der ho tidlegare i kveld blei vald inn i den internasjonale olympiske komité med stort fleirtal, 62 mot 13 røyster.
56-åringen vil likevel ikkje vere spesifikk om kva arbeidsoppgåver ho ønskjer seg.
– Alle medlemene blir tildelt arbeidsoppgåver gjennom ein av dei mange komiteane som IOC har oppretta på ulike område. Eg ser fram til å få tildelt mine oppgåver etter kvart, seier Kristin Kloster Aasen til NRK rett etter valet på IOC-sesjonen i Lima.
Ho har idrettsleg bakgrunn som visepresident i Norges idrettsforbund og som president i Norges rytterforbund.
Kjenner IOC etter Oslos OL-søknad
– Kor godt kjenner du IOC frå tidlegare?
– Eg kjenner dei litt frå det arbeidet vi gjorde i prosessen med søknad om OL til Oslo. Då sat eg i søkjarkomiteen og fekk inntrykk av profesjonell og ordentleg organisasjon. Det var mi erfaring med IOC før eg blei vald i dag.
Ho er med på å auke kvinnedelen i den tradisjonelt svært mannsdominerte forsamlinga.
– IOC har ei uttalt målsetjing om å auke kvinnerepresentasjonen, og den har blitt betre dei siste åra. Ambisjonen er å få like mange kvinner som menn inn. Der er dei godt på veg, men ikkje heilt i mål enno, seier ho.
Ho er vald for perioden fram til 2025.
– Åtte år er lang tid, men då får ein tid til å setje seg skikkeleg inn i organisasjonen. Og så får ein godt perspektiv på sitt eige bidrag, det synest eg er veldig spennande og motiverande, seier Aasen.
Norske verdiar og haldningar
Ho kjem inn i IOC samstundes med at Gerhard Heiberg takkar av etter 23 års fartstid. Han har vore IOC-medlem sidan 1994, og blei æresmedlem då han takka av i Lima i kveld.
Men Aasen er ikkje Norges medlem i IOC. Ho er IOC-medlem frå Norge.
– Kva får ditt medlemskap å seie for norsk idrett?
– Eg har jobba mange år i norsk idrett, og har med meg verdiane og haldningane frå norsk idrett i ryggmargen. Det trur eg er ein styrke for meg. Samstundes ser eg fram til å delta i miljø som er litt annleis enn vi er vane med, og til å lære av og samarbeide med folk som tenkjer litt annleis, seier Kristin Kloster Aasen.