– Dette var mildt sagt pinleg, seier Logi Geirsson og slår så hardt i bordet at lyden i studio hos den islandske tv-kanalen RUV blir borte ein augneblink.
Han var svært misnøgd med trenar Aaron Kristjansson sin mangel på entusiasme under timeoutane i første omgang, då Kroatia herja som verst.
– Aaron tok to timeouts i første omgang, men han var altfor snill. Han burde vere rasande og la spelarane få ein lavastraum, rasa Geirsson, som sjølv spela på Islands sølvlag i OL i 2008.
Mister OL-sjansen
– Det var heilt forferdeleg frå A til Å, sa Snorri Stein Gudjonsson. – Etter eit kvarter låg vi under 11-2, og mot eit lag som Kroatia er løpet køyrt då, seier han.
Island er ikkje berre ute av EM etter grunnspelet. OL i Rio ryk også for Island, som ofte har hevda seg i toppen i internasjonal herrehandball. I Beijing i 2008 spela dei seg til ein sensasjonell OL-finale.
I EM har ikkje Island blitt slått ut i grunnspelet sidan 2004, og laget tok bronse i 2010.
Alexander Petersson ber det islandske folket om orsaking for det laget leverte i går.
– Vi leika som små barn, og såg ut som om vi aldri har spela handball før. Det er det verste eg har vore med på. Og det mest frustrerande er at no kjem vi ikkje til OL, seier han til visir.is.
Laget får ikkje mykje skryt etter 37-28-tapet i den avgjerande kampen mot Kroatia tysdag kveld. Spesielt for første omgang der laget kollapsa og låg under med ni mål ved pause.
– Vi kom tidleg bakpå, og så overgav vi oss berre, seier Stephen Rafn Sigurmannsson. – Dei var mykje betre enn oss, og dei køyrde over oss fullstendig. Dei var gode i forsvar og gjekk berserk i angrep, seier Sigurmannsson.
– Vi er eit lag med store spelarar i store klubbar. Det var berre ikkje vår dag i dag, seier Tysklands-proffen.
– Det finst inga orsaking
Kommentator Henry Brigir Gunnarsson skriv på nettstaden visir.is at EM-fiaskoen og kollapsen mot Kroatia set islandsk landslagsframtid i fare.
– Det mangla vilje, kamp og brutalitet av gutane, og det er det som mhar ført oss til toppen. Utan det har dette laget aldri vunne noko, skriv Gunnarsson.
Han er også nokså sikker på at trenar Aaron Kristjansson må gå av. Kristjansson sa etter tapet at han vil vurdere si stilling. – Eg blir overraska om han held fram, skriv Gunnarsson.
– Han hadde det beste laget, men det makta ikkje testen, og det finst ingen unnskyldning, skriv Gunnarsson.