Hopp til innhold

Sju spelarar på Noregs beste handballag stansa på grensa

Elverum trudde dei hadde følgt regelverket då dei nyleg lot nokre av dei utanlandske spelarane sine dra ut av landet. No er det usikkert om dei får komme tilbake.

U1oUZlX8rU4

MÅ BLI I SVERIGE: Elverum vil gjerne ha profilen Josef Pujol med på mellom anna handballskule og andre oppdrag før kontrakten hans er ferdig i sommar, men han får ikkje komme inn i landet.

Foto: Fr / NTB

Eliteserieprofilar som ungarske Dominik Máthé, danske Søren Tau og svenskane Josef Pujol og Niclas Fingren er blant spelarane som no ikkje får komme tilbake til Noreg.

Spelarane vart i tur og orden stansa av politiet på grenseovergangen då dei prøvde å dra heim til Elverum før helga.

– Dette dukka opp på fredag, og eg sat oppe heile natt til laurdag for å finne ut av det. Eg skjønner ikkje kva som er forskjellen på reglane no og frå då dei same spelarane drog frå Noreg til Barcelona, seier dagleg leiar Mads Fredriksen, og siktar til meisterligakampane Elverum spelte borte mot det spanske laget i starten av april.

Før turen til Barcelona sende Fredriksen inn ei liste med namna på heile spelartroppen, for å få ei stadfesting frå politiet på at alle ville sleppe inn i Noreg dersom dei drog ut - trass i dei strenge innreisereglane som vart innført i vinter.

Får ikkje vende tilbake

Som kjent vart dei norske grensene meir eller mindre stengt i januar, og hovudregelen var at berre folkeregistrerte busett i Noreg fekk sleppe inn.

Politiet stadfesta at turen til Barcelona ikkje ville vere noko problem for Elverums utanlandske spelarar, som alle har mellombels opphald i Noreg, og reisa gjekk smertefritt den gongen for fem veker sidan.

Men så. For eit par veker sidan vart handballsesongen avlyst, og då fekk Elverum-spelarane ta litt fri.

– Nokre av dei fekk dra til Sverige for å prate med agentane sine og slikt, medan Máthé var på landslagsoppdrag, seier Fredriksen, og desse spelarane skulle altså vende tilbake til Noreg før helga.

b-NsCA0oWBE

Niclas Fingren er ein av spelarane som ikkje slepper inn i Noreg.

Foto: NTB

Totalt er det no seks spelarar som ikkje slepper inn i Noreg, i tillegg til franske Luc Abalo, som vart nekta innreise på same måte allereie i januar.

Spelarane det gjeld denne gongen har alle eit såkalla d-nummer, som gjer at du blir mellombels folkeregistrert i Noreg. Tidlegare har dette, i tillegg til bustad og arbeid, sett ut til å halde for enkelte idrettsutøvarar som har reist inn og ut av Noreg for å spele kampar eller anna. Men ikkje no lenger.

– Følte vi hadde gjort det

For nokre veker sidan kom ordninga om at ein kan søkje Sjøfartsdirektoratet for å sleppe inn i Noreg. Det er gjennom denne ordninga eliteserielaga i fotball, i grevens tid, fekk på plass utanlandske spelarar i tide til seriestarten som var denne helga.

Finalen i Norgesmesterskapet i håndball mellom Elverum og Nærbø.

Franske Luc Abalo har framleis alle tinga sine på Elverum, men der har han ikkje vore sidan desember.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Fredriksen innrømmer at Elverum ikkje søkte Sjøfartsdirektoratet for spelarane som drog utanlands, sidan han trudde det var unødvendig.

Han kan likevel ikkje anna enn å svare delvis ja på spørsmål om ikkje dette er noko klubben burde og kunne sjekka betre før dei lot spelarane dra ut av landet.

– Både ja og nei. Vi kunne sett oss betre inn i regelverket, men vi følte at vi hadde gjort det då vi sende ei liste til politiet i mars og fekk beskjed om at alt var i orden. Regelverket har ikkje endra seg sidan, men det er tydeleg at noko av feilen har skjedd i Barcelona-perioden, at informasjonen vi fekk då kan ha vore feil, seier han.

Får fleire hundre søknader om dagen

No må Fredriksen krysse fingrane for at Sjøfartsdirektoratet godtek at han søkjer i ettertid, slik at spelarane kan komme tilbake.

– Dei må sjå om dei meiner dei oppfyller kriteria, og så må dei vurdere om dei vil søkje, seier Dag Inge Aarhus, som er kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.

Han understrekar at han ikkje kan uttale seg om Elverum har ei god eller dårleg sak, men seier at omtrent halvparten av dei som søkjer får innvilga. Dagleg kjem det inn fleire hundre søknader til Sjøfartsdirektoratet.

– Det er ei streng ordning, og ho skal vere streng, for dette handlar om smittevern. Det er ikkje for å vere vanskelege eller noko slikt, seier Aarhus.

Neppe håp for Abalo

Sjølv om handballsesongen er avlyst, er det mykje klubben treng spelarane til, seier Fredriksen.

– Både marknadsoppdrag og handballskular som vi har lova og selt, og ikkje minst å få opp igjen treningsaktiviteten, seier han, og legg til:

– Vi får vel kose oss med søknader igjen, og sørgje for at dei kjem inn sånn at vi får starta med aktivitet igjen. Eg har lite lyst til å avlyse fleire ting.

Fredriksen fortel i same slengen at sjølv om han har håp for dei seks spelarane som vart stansa i helga, ser det heilt mørkt ut med tanke på å få superstjerna Luc Abalo inn i landet igjen.

Han har ikkje eit d-nummer, og lite tyder på at han kan få komme til Noreg med det første. Klubben håpar at han i beste fall kan få ein liten periode i Elverum i juni for å bli med på handballskule, før han er ferdig i klubben.

Abalo satsar mot eit siste OL med Frankrike, men må trene for seg sjølv i Paris på grunn av situasjonen. 36-åringen har signalisert at han truleg legg opp etter leikane i august.

PS: Mandag ble det også klart at Elverum har signert det svenske stortalentet Eric Johansson (20) fra svenske Guif Eskilstuna. Venstrebacken har vært ønsket av en rekke storklubber, men valgte Elverum.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal