NRK Meny
Normal

– Det blir alltid litt ampert når vi møter Danmark

Norge er klare for neste års elite-VM i ishockey, og kvartfinaledraumen lever vidare. I morgon ventar krig mot Danmark:

Norges lag kan nå kvartfinalen i VM, men da bør de vinne de restende kampen i gruppespillet. Neste motstander er Danmark.

Norge står framfor ein ny må vinne-kamp laurdag. Nabo og erkerival Danmark må slåast (inneheld bilete som blir lagt ut med løyve frå MAX)

Dei norske hockeyspelarane veit dei må slå Danmark laurdag kveld. «Krigen» begynner klokka 20.15.

– Vi får gi litt klare meldingar og håpe danskane forstår norsk, seier Jonas Holøs. Han trur på ein fysisk tøff kamp mot Danmark laurdag kveld.

For der kan Norge stille med senka skuldrar. Fredag vart neste års VM-plass sikra med 3-1 over Slovenia . Dermed er hovudmålet nådd. No er det bonusen dei norske iskrigarane skal kjempe for: Plass i kvartfinalen.

Då må dei to siste kampane vinnast. Og nabo Danmark er første hinder.

– Det er alltid moro å møte Danmark, og det har alltid vore jamnt mellom oss. Vi har trekt det lengste strået dei fleste gongane dei siste åra, og det håpar eg vi gjer laurdag også, seier Anders Bastiansen.

Tre strake norske sigrar

Norge må vinne både mot Danmark laurdag og Kviterussland tysdag for å ha sjanse til å kome til kvartfinalen.

Sidan fotmatet med to grupper med åtte lag i kvar vart innført i 2012, har Norge møtt Danmark i gruppespelet alle gongane.

  • I fjor sjokkopna Danmark med 2-0 før det var gått tre minutt. Men Norge kom tilbake og vann 4-3.
  • Året før vann Norge 3-2, då scora Patrick Thoresen sigersmålet 2.32 før full tid.
  • I 2012 knuste Norge danskane 6-2 etter 5-0 i midtperioden og gjekk til kvartfinalen.

Laurdag jagar dei norske iskrigarane dermed sin fjerde strake siger over Danmark.

– Det er litt hatkamp. Vi har spela mange bra kampar mot dei, og det blir spesielt i morgon.

– Blir alltid litt ampert

Norge - Danmark i fjor

Jamnt nordisk oppgjer: Norge slo Danmark 4-3 i VM i fjor. Her scorer Ken Andre Olimb målet som gav 2-2 i midtperioden

Foto: VASILY FEDOSENKO / Reuters

– Korleis skal de slå dei?

– Ved å halde hovudet kaldt når dei tek til å gnuffe, og tenkje på vår eige spel i staden for å ta igjen. Det blir alltid litt ampert når vi møter danskane, det er to lag som verkeleg vil vinne, seier Mathis Olimb.

– Vi er to jamne lag, og vi krigar litt om det same, nemleg om å ikkje rykke ned og om å gå til kvartfinale. Derfor er denne matchen utruleg viktig. Skal vi til sluttspelet, må vi vinne. Det er også viktig å vinne berre for å ha rette kjensla. Vi vil slå Danmark, det blir litt krig, det.

– Det blir litt same type kamp som mot Slovenia. Det blir nok litt utvisningar, og dermed viktig å spele godt i power play då også, seier Patrick Thoresen. Mot Slovenia kom alle dei norske scoringane i overtlasspel.

– Litt kamp i kampen, ettersom det er mot Danmark?

– Ja, vi har spela tøffe kampar mot dei tidlegare. Eg trur ikkje det blir annleis i morgon. Danmark mot Norge er blitt litt rivaliseringsoppgjer, og alltid underhaldande og innhaldsrike kampar, seier Thoresen.

Siste nytt

  • Bøkko på pallen i Erfurt

    Hege Bøkko fra Hol tok andreplassen på 1000-meteren under verdenscupen i Erfurt søndag med tiden 1.15.52. Det er Bøkkos første pallplass i verdenscupen i karrieren.

    Vanessa Herzog vant på 1.15.26.

    – Dette var sykt gøy, sier Bøkko til NRK.

    Hege Bøkko
    Foto: Carina Johansen / NTB scanpix
  • Lorentzen til topps på 500 meter

    Håvard Lorentzen fikk en treg start på 500 meteren, men leverte en kanonrunde og vant 500-meteren i verdenscupen i Erfurt søndag. Lorentzen gikk på 34,85, og vant med 0,1 sekund på Jan Smeekens.

    – Det var deilig, sier Lorentzen til NRK.

    xz
  • Norge leder klart etter hoppingen

    Norge leder lagkonkurransen i kombinert etter hoppdelen. Jørgen Graabak, Espen Andersen, Jarl Magnus Riiber og Jan Schmid har 29 sekunders forsprang på Østerrike før langrennet. Finland er treer, 1.03 bak Norge.

    Norges kanskje største utfordrer, Tyskland, sviktet i bakken og er nummer fem. Tyskerne går ut 1.43 bak Norge.

    Graabak
    Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup skøyter
VM skiflyging: Laghopp
VM skiflyging: Laghopp
Sport i dag
Sport i dag
Sportsrevyen
Sportsrevyen