– Sjølvsagt er dette veldig gode nyheiter og ein veldig viktig siger. Dette er konkurransedyktige val og den sitjande Fide-leiaren har stadfesta effektiviteten sin og at arbeidet hans blir rekna som utmerkte, seier Dmitrij Peskov til det russiske mediebyrået Tass.
Som pressetalsmann for president Vladimir Putin sit Peskov tett på makta i Kreml.
– Det er strålande og dette er ein viktig organisasjon. Det er mykje arbeid som må gjerast, og vi håpar at Dvorkovitsj vil takle den jobben, seier Peskov.
PUTIN-TALSMANN: Dmitrij Peskov.
Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / AFPDen russiske sjakkpresidenten, sovjetukrainskfødte Andrej Filatov, jubla også over attvalet til landsmannen på forbundet sine eigne sider:
– Gratulerer til Arkadij Dvorkovitsj og teamet hans med ein så overbevisande siger! Eit så betydeleg fleirtal – 157 stemmer mot 16 til rivalen – viser at Russland ikkje er isolert. Eg takkar heile teamet, spesielt Mark Glukhovskij og Mikhail Kobalia, for den vellykka innsatsen før valet og støtta til kandidaten vår.
Dvorkovitsj' motkandidat var den ukrainske stormeisteren Andrij Barysjpolets.
Han ønskte å fjerne Dvorkovitsj frå leiarposisjonen i Fide på grunn av Russlands krigføring i Ukraina, men berre 16 nasjonar stemde altså på Barysjpolets.
– Han er skapt av Kreml
Atle Grønn er kjend både som norsk sjakkspelar, sjakkekspert og professor i russisk ved Universitetet i Oslo.
No går han hardt ut mot attvalet av russiske Dvorkovitsj, som også får med seg tidlegare president i Noregs Sjakkforbund, Jøran Aulin-Jansson, som ein av to visepresidentar i Fide.
Dvorkovitsj var fram til 2018 visestatsminister i Russland under regjeringa til Putin-vennlege Dmitrij Medvedev. Han har tidlegare stilt seg kritisk til krigen i Ukraina. «Krig drep håp og ambisjonar, og stansar eller øydelegg forhold og samhald», har han mellom anna uttalt.
SJAKKEKSPERT: Atle Grønn har lang erfaring med både russisk og sjakk.
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRKLikevel er Grønn kritisk.
– Han er skapt av Kreml, han har fått karrieren sin gjennom desse folka og han er forma av dei, kommenterer Grønn.
På Facebook skriv han mellom anna at «skamma senkar seg over sjakkverda» etter at russaren vart vald for ein ny periode.
– Det er ein moralsk fallitt ved at vi ofrar Ukraina for vår eigen komfort, utdjupar han overfor NRK.
- NRK har prøvd å komme i kontakt med Fide, men har ikkje fått svar på førespurnaden.
Trur han vil sjå mot Asia
Russland er utestengde frå Fide som følgje av Ukraina-krigen, og det er forbode å halde turneringar i Russland og Belarus.
Sjakkeksperten trur derfor at den russiske Fide-presidenten vil rette blikket mot Asia for å omgå Ukraina-problematikken.
– I Asia kan russisk sjakk, Kreml og Dvorkovitsj-teamet få det sånn som dei vil i større grad, trur han.
Eit døme er sjakk-OL, som i utgangspunktet skulle spelast i Moskva. Det vart i staden spelt i India - og vart avslutta tysdag.
– I Asia er Ukraina eit problem langt borte. Dei har sine eigne problem. Dvorkovitsj og teamet hans vil ha ei interesse av at sjakken blir eit utstillingsvindauge for normalisering av krigen. At sjakken vil la russarar delta internasjonalt. Men det betyr at fleire og fleire meisterskapar og viktige turneringar må leggjast til Asia, påpeikar Grønn.
Han kritiserer først og fremst dei europeiske landa for ikkje å ha stemt for eit skifte av sjakkpresident.
– Sjakk-pampane frå Asia og Afrika gir vel stort sett blaffen i Ukraina, dei har nok andre problem i nærområda sine. Derfor var det aldri noko håp om at vi skulle få eit skifte, men i den grad stemmegivinga er pinleg for nokon, så er det dei europeiske landa som ikkje stemde for eit skifte.
TIDLEGARE SJAKKPRESIDENT: Jøran Aulin-Jansson (til høyre) saman med Magnus Carlsens tidlegare manager, Espen Agdestein, i Sotsji i 2014. Carlsen spelte på dåverande tidspunkt mot Vishy Anand i kampen om VM-tittelen.
Foto: Berit Roald / NTBStilte med nordmann på laget
Magnus Carlsens trenar, Peter Heine Nilsen, og også Barysjpolets' visepresidentkandidat, har tidlegare kritisert norske Aulin-Jansson for å stille til val saman med Dvorkovitsj.
Og Grønn trur det kan ha skapt forvirring internasjonalt om Noregs syn at ein nordmann stilte som visepresidentkandidat for Dvorkovitsj.
– Dei fleste reknar vel med at Noreg sannsynlegvis står bak Dvorkovitsj sidan han hadde ein nordmann på teamet, seier Grønn.
– Det har skapt ein forvirrande situasjon at dei har ein norsk visepresidentkandidat, medan vi har eit sjakkforbund som har landet på det som eg vil kalle anstendigheitas side.
President i Noregs Sjakkforbund, Joachim Birger Nilsen, stadfestar at Noreg stemde på ukrainske Andrij Barysjpolets.
– Dette annonserte vi også i ei eiga sak på valdagen, seier han.
Han innrømmer likevel at forbundet kunne ha vore tidlegare ute og tydelegare med å informere om standpunktet til forbundet.
– Men det var uaktuelt for oss å stemme på Dvorkovitsj, sjølv om vi meiner han har gjort ein god jobb på mange område dei siste åra. Med russisk pass og tilknytinga hans til Kreml vart det umogleg, påpeikar han.
– Jørans (Aulin-Jansson) visepresidentkandidatur er av privat karakter, og har ikkje noko med Noregs Sjakkforbund å gjere, understrekar han.
Aulin-Jansson har tidlegare kommentert avgjerda om å stille som ein av to visepresidentkandidatar til NRK. Han sa då følgjande:
– Eg brukte litt tid på å tenkje på det. Det er ikkje heilt utan kontroversar å stille saman ein russar i desse tider. Etter å ha sjekka med utanriksdepartementet og andre personar som kjende til Russland, bestemde eg meg for å stille, sa han då.