Krasj på krasj i formel 1

Tredje gjennomkøyringsrunde i formel 1-løpet i Monaco laurdag inneheldt mange krasj. Heldigvis kom ingen til skade, men Felipe Massas bil blei ikkje klar til kvalifiseringa.

Felipe Massa krasjer

Slik såg Felipe Massas Ferrari ut etter krasjen i nærmere 300 km i timen. Han måtte droppe kvalifiseringa seinare på dagen

Foto: Bryn Lennon / Getty Images
Arve Lote byline
Journalist

Brasilianaren hadde tilsynelatande problem med styringa, og køyrde ut i stålkantane på ei rett strekning, før bilen i stor fart gjekk rett i eit tryggingsgjerde med fronten først i 290 kilometer i timen.

Massa kunne utruleg nok gå ut av bilen uskadd, og var klar til kvalifiseringa seinare laurdag.

Men det var ikkje bilen. Mekanikarane gav opp å få den klar i tide. Det betyr at Massa får ein av dei siste startposisjonane i løpet søndag.

F1 Grand Prix of Monaco - Qualifying

Her blir Massas ferrari heist vekk frå bana. Mekanikarane gav opp å få reparert bilen til kvalifiseringa

Foto: Bryn Lennon / Getty Images

Også Romani Grosjean krasja på treningsrunden, heilt mot slutten av runden, etter å ha hatt nest beste tid. Men inn i ein av dei siste svingane gjekk det litt for fort, dermed kjørte han inn i sideblokkene og spratt ut på bana igjen.

Grosjeans krasj var ein blåkopi av krasjen han hadde akkurat på same staden på treninga torsdag.

Også Adrian Sutil i Force India-bilen mista kontrollen, køyrde i sikksakk ei stund før han dundra inn i kanten.

Løpet i Monaco er kanskje det vanskelegaste i formel 1-sirkuset. Det går i smale og svingete gater i sentrum av Monte Carlo og stiller ekstreme krav til førarane.

Den avsluttande kvalifiseringa om beste startposisjon går i ettermiddag, og sjølve løpet søndag. Mercedes-førar Nico Rosberg har imponert stort med beste tid i alle gjennomkøyringane, og er storfavoritt til å sikre seg "pole position".

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup alpint: Storslalåm 1. omgang, menn
V-cup alpint
V-cup alpint: storslalåm 1. omgang, menn
V-cup alpint: Storslalåm 1. omgang, kvinner
V-cup alpint: storslalåm 1. omgang, kvinner
Radio: V-cup langrenn
V-cup langrenn 15 km fri teknikk kvinner
Vinterstudio
V-cup skiskyting: Jaktstart menn
V-cup skiskyting: jaktstart menn
Radiosporten: V-cup langrenn