På Gardermoen sit Benedikte Holund, Hans Christers søster, og ventar. Med pizza på fanget.
– Ja, eg hadde tenkt å invitere han heim på pizza når han kom heim, seier ho.
– Men så blei det så seint. Dei skulle eigentleg landa klokka fire, seier ho når NRK møter henne. Då er klokka over halv ti, og den nybakte femmilsverdsmeisteren ringjer og seier at flyet nettopp har landa. Han må berre vente på bagasjen først.
– Derfor kjøpte eg med pizza. Han får ete i bilen. Han er sikkert sliten og vil kjapt heim. Eg håper dette er favorittpizzaen, seier ho.
– Eg gledar meg til å sjå han igjen. Dette har han hatt som mål sidan han var barnestjerne, og det er så godt å sjå gleda hans når han får igjen for det, seier ho.
Så, som ein av dei siste av passasjerane, kjem Hans Christer Holund, saman med Sjur Røthe og Simen Hegstad Krüger.
– Har begynt å synke inn
Han seier til dei frammøtte at han ikkje hadde sett for seg at han skulle kome heim som verdsmeister.
– Det er stort.
– Har det rukke å synke inn?
– Ja, det har starta å synke inn no, etter ein lang ventedag på flyplassen, seier femmilsvinnaren og pakkar ut gullmedaljen.
No skal han heim og trene klassisk fram til neste helg.
– Neste oppgåve blir femmila i Kollen laurdag. Det er alltid eit høgdepunkt, og løypa passar meg bra.
– Fryktar du Ivo Niskanen?
– Ja, som alltid når det er klassisk, seier femmils-gullvinnaren.
Før han går bort til søster Benedikte og får pizza og skyss heim.