Køyrer for VM-tittel i Sør-Afrika
Andreas Bakkerud (28) skal søndag kjempe om å bli den andre nordmannen, etter Petter Solberg, til å bli verdsmeister i rallycross. Før den avgjerande runden i Sør-Afrika ligg han eit poeng bak svenske Timmy Hansen. – Det her blir spanande. Eg har konkurrert mot Timmy sidan vi var 13 år gamle, så det blir moro. Det er berre å gå «all in», seier bergensaren. Bakkerud tok VM-bronse i 2016 og 2018.