Kowalczyk snakkar ut i den polske avisa sportowefakty.pl.
Forholdet mellom dei to har i mange år vore anstrengt. Spesielt etter at Kowalczyk i mange år gjekk i strupen på Bjørgen sin bruk av astmamedisin.
– Eg var sint i mange år på ho, men har gitt opp, etter at eg forstod at det ikkje er utøvaren eg skal vere sint på.
– Det er heile det norske systemet med legar og medisinske universitetet som er ein viktig del av landslaget. I dette systemet må utøvarane lytte og gjere det leiinga seier til dei, seier Kowalczyk.
Bjørgen har tidlegare uttalt seg til NRK om Kowalczyk sine skuldingar.
– Ho burde vite betre, og det er først og fremst mangelen på kunnskap som skremmer meg. Eg har medisinske testar som syner at eg er kvalifisert til å bruke Symbicort, sa Bjørgen den gong.
Ringer ikkje til kvarandre
Om forholdet til Bjørgen i dag, svarar den tidlegare langrennsutøvaren i kjent stil.
– Vi ringer ikkje til kvarandre, fordi vi ikkje har vore telefonnummer. Stridsøksa er gravlagt for lenge sidan, men å sei at vi er vener skulle vere ein overdrivelse. Når vi møtast av og til, så snakkar vi saman, men vi er heilt likegyldige til kvarandre.
Ho fortel vidare at ho har vore einsam heilt sidan ho forlèt heimen som 15-åring for å dra på internatskule.
– Etter dette var det berre sport i mitt liv. Men det synte seg å ha sin pris. Privatlivet, seier stjerna som i dag er 36 år gamal og er assisterande trenar for det polske landslaget.
Føler seg einsam
Ho ofra gravferda til sin kjære bestefar, har mista fleire bursdagar, konfirmasjonar og bryllaup i familien.
– Det var tungt og eg innser i dag kor mykje eg har tapt. Mange gonger har eg spurt meg sjølv; Kor er min heim?
Kowalczyk seier at ho ikkje nødvendigvis angrar.
– Eg har lukka ein etappe av mitt liv og opna det neste. Eg har ingen kniv på strupen og treng ikkje å anstrenge meg til å tene meir pengar.
Ho vedgår likevel at ho mange gonger burde ha stoppa opp og sett seg rundt, for å kjenne på korleis eit normalt liv er.
– Men nei, eg valde å halde fram med å reise og eg føler meg aleine utan ein heim, men det er ein stor kunst å vere einsam.
Og legg til at ho i mange år var sta, arrogant og vanskeleg i kontakt med media. No er den tid over og at ho no er kome fram til at ho vil bli eit betre menneske.